Internasjonale program

EØS-avtalen gir Noreg rett til å delta i ei rekkje EU-program på lik linje som landa i EU, og norske aktørar kan derfor få finansiert samarbeidsprosjekt innan for eksempel forsking og innovasjon (Horisont 2020) og utdanning og opplæring (Erasmus+). Noreg deltek i tillegg i EUs Interreg-program for regional utvikling.

 EØS-midlane gir også moglegheiter til prosjektsamarbeid med ei rekkje mottakarland i EU.

Støtte til regional utvikling gjennom samarbeid over landegrensene

Interreg-programma er ein del av regionalpolitikken i EU og bidrar med økonomisk støtte til regional utvikling. Det skal stimulere til samarbeid om til sosial og økonomisk utjamning, meir kunnskap og bærekraftig økonomisk vekst. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som løyver midlane til deltaking for norske aktørar over statsbudsjettet.

Kven kan søke?

Interreg er delt inn i fleire ulike program, basert på geografisk område og tema. Både fylkeskommunane, kommunar, universitet og høgskolar, forskningsinstitusjonar, organisasjonar og bedrifter kan søke om prosjektstøtte frå Interreg.

Aktørar frå Møre og Romsdal kan delta i:

Kva kan ein søke støtte til?

Interregprogrammet støttar prosjekt som løyser samfunnsutfordringar gjennom samarbeid med partnarar frå andre europeiske land. Nokre av utfordringane som deltakarane kan søke støtte til er blant anna kapacitetsbygging, nye transportløysingar, digitalisering, innovasjon og fornybar energi. For å få støtte må prosjektet gi ein meirverdi som ikkje ville blitt mogleg gjennom eit regionalt/ lokalt prosjekt.

Møre og Romsdal fylkeskommune er leiar for Interreg Europe-prosjektet OSS.   

Støtte til forsknings- og innovasjonsprosjekt

Horisont 2020 er verdas største forsknings- og innovasjonsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år. Målsettinga med programmet er å betre den økonomiske veksten og øke sysselsettinga i Europa. Programmet er det viktigaste verktøyet i EU for å finansiere forskning på europeisk nivå, og for å styrke europeisk samarbeid om kunnskap og teknologi.

Kven kan søke?

Bedrifter, offentleg forvaltning og forskningsmiljø i Noreg kan søke Horisont 2020 om midlar til forskning, innovasjon og kommersialisering.

Kva kan ein søke støtte til?

Horisont 2020 har tre hovudprioriteriengar:

  1. Forskning. Målet er å gjere europeisk forskning meir konkurransedyktig gjennom å støtte aktivitetar som bidrar til å heve kvaliteten på forskning og infrastrukturen. 
  2. Industrielt leiarskap. Målet er å gjere Europa til eit attraktivt investeringsmål ved å støtte strategiske innovasjonar i nøkkelteknologiar og innovative SMBar.
  3. Samfunnsutfordringar: Målet er å utvikle innovative løysingar på samfunnsutfordringar gjennom å støtte tverrfagleg samarbeid knytt til blant anna klima, helse, miljø, energi og transport.

Støtte til utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Programmet er verdas største utdanningsprogram, og legg til rette for deltaking i samarbeidsprosjekt og praksisopphald i Europa.

Kven kan søke?

Ikkje-kommersielle organisasjonar som for eksempel kommunar, skolar, ungdomsorganisasjonar kan søke på vegner av unge (13-30 år) og ungdomsarbeidarar.

Kva kan du søke støtte til?

Aktørar kan blant anna søke støtte til:

  • Skoleutveksling
  • Ungdomsutveksling
  • Praksis/ læreplass i Europa
  • Hospitering av elevar og tilsette
  • Samarbeid mellom skolar/ organisasjonar for å utvikle, utveksle og prøve ut fagleg innehold.
  • Besøke / få besøk av ungdomsgrupper
  • Kurs og andre opplæringsaktivitetar for ungdomsarbeidarar
  • Ungdomspolitiske møte
  • Ungdomsinitiativ
  • Frivillig arbeid

Fordelar:

Det er mange fordelar ved å delta i Erasmus +, blant anna:

  • Internasjonal arbeidserfaring
  • Bli kjent med nye arbeidsmetoder og verktøy
  • Utvida fagkunnskap
  • Lære å kjenne nye kulturar
  • Utvida språkerfaring
  • Personleg utvikling
  • Prosjekterfaring

Hvis du ønsker å søke

Er du ungdom eller ungdomsarbeidar eller representerer du ein kommune eller ein organisasjon, ta kontakt med lokalkontakt Cecilia Lillthors for meir informasjon og rettleiing. Kommunar og organisasjonar kan få hjelp i søknadsprosessar.

Vidaregåande skolar og opplæringskontor har moglegheit til å delta på fellessøknad. Ta kontakt med Sunniva for meir informasjon.

Støtte til auka kunnskap, nettverk og samarbeid med EØS-landa

EØS-midlane er Noreg sitt bidrag til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa. Støtta styrkar også samarbeidet mellom Noreg og dei 15 mottakarlanda: Bulgaria, Estland, Hellas, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn.

Kven kan søke?

Søknadsskriving, koordinering, rapportering, evaluering og budsjettkontroll er ansvaret til mottakarlandet. Norske aktørar kan bli med som partnar i prosjektet og få dekt delar av utgiftene for deltaking Norske partnarar kan vere bedrifter, kommunar, fylkeskommunar, kulturinstitusjonar, kunstnarer, frivillige organisasjonar, stiftingar, offentleg etat og andre.

Kva kan det søkast midlar til?

Det kan søkast pengar til enkeltprosjekt der norske aktørar kan delta som samarbeidspartnar. Det kan og søkast om midlar frå bilaterale fond som støttar aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar og utveksling.

Aktuelle tema for EØS prosjekt kan vere: 

  • Klima og miljø
  • Grønn innovasjon og næringsutvikling
  • Forsking og utdanning
  • Justis og politisamarbeid
  • Sivilt samfunn
  • Lokal og regional utvikling
  • Sosial dialog og trepartssamarbeid
  • Kulturarv og kulturutveksling.

Støtte til kulturelt og kreativt samarbeid over landgrenser.

Kreativt Europa er EU sitt program for dei kulturelle og kreative sektorane. Målet med programmet er at det skal fremme mobilitet for europeiske kunstnarar, bidra til å styrke den kreative industrien og hjelpe audiovisuelle kunstnarar til å tilpasse seg ei digital verd.

Gjennom Kreativt Europa kan norske aktørar innan kunst, kultur, film og TV få støtte til internasjonalt kultursamarbeid og til å nå ut til eit større europeisk publikum.

Programmet til Kreativt Europa er todelt.