Nettverka våre

CPMR og Nordsjøkommisjonen

Fylkeskommunen er aktivt medlem i dei europeiske organisasjonane Nordsjøkommisjonen (NSC) og CPMR (Conference of Peripheral and Maritime Regions). Formålet med deltaking er å få kunnskap om, gi innspel til og bidra til å påverke politikkutviklinga i EU som har innverknad på samfunns- og næringsutviklinga i vårt fylke.

CPMR arbeider for å sikre at EU lyttar og tek omsyn til dei europeiske kystregionane sine interesser og synspunkt. Det er ein politisk leia organisasjon med 150 medlemmar frå 24 land, og representerer meir enn 200 millionar innbyggjarar. Organisasjonen prioriterer arbeid med marine/maritime spørsmål, klima- og energi, transport og regionalpolitikk. CPMR fungerer som ein europeisk tenketank for kystregionar og perifere regionar, og arbeider målretta og effektivt inn mot ulike organ i EU for å sette saker på dagsorden og gi tidlege innspel til politikkutforming.

Nordsjøkommisjonen er ein av seks geografiske underkommisjonar under CPMR. Hovudmålet for Nordsjøkommisjonen er å fremje politisk samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen for å finne gode løysingar, dele erfaringar og arbeide for å påverke europeisk politikkutforming. Nordsjøkommisjonen har rundt 30 medlemmar som representerer åtte land rundt Nordsjøen. Organisasjonen arbeider med politikkutvikling, politisk lobbyverksemd, utvikling av transnasjonale prosjekt, kunnskapsutveksling og beste praksis. Dei prioriterte områda er berekraftig utvikling av marine ressursar, energi og klimaendringar, berekraftig transport og smarte regionar. På desse fire områda er det etablert eigne arbeidsgrupper, og Møre og Romsdal fylkeskommune deltek i gruppene for marine ressursar og transport.

Vest-Norges Brusselkontor

Møre og Romsdal fylkeskommune er medeigar i Vest-Norges Brusselkontor (VNB). Det er vi saman med kommunar i Møre og Romsdal og Vestland fylke, Vestland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet. VNB har som oppgåve å arbeide for at den europeiske dimensjonen bidreg til utvikling og auka verdiskaping i Vest-Noreg. Kontoret synleggjer medlemmane som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar, og er ein lyttepost mot institusjonane i EU og EØS. VNB formidlar kva som skjer i EU av særleg interesse for Vest-Noreg, informerer om politikkutvikling i EU og identifiserer relevante og interessante EU-program. Brusselkontoret kan vere ein fasilitator i prosjektarbeid innanfor EU-programma, og bruke sitt nettverk til å bidra i partnarsøk på vegner av medlemmane. Kontoret har tilgang til nettverk som medlemmane kan dra nytte av og er ein støttespelar for deltaking i internasjonale faglege nettverk og plattformer.

Europapolitisk forum

Europapolitisk forum er ein viktig møteplass for samhandling i europapolitiske saker mellom regjeringa og kommunar, fylkeskommunar og Sametinget. Formålet er diskusjon av aktuelle og viktige tema for Noregs forhold til EU og EØS-avtalen, og utveksling av informasjon, synspunkt og erfaringar med viktige europapolitiske saker og problemstillingar. Møta blir leia av statssekretærane frå Utanriksdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og dei ulike fagdepartementa deltek når relevante saker blir diskutert.

Nordisk Atlantsamarbeid- NORA

NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram. NORA består av Grønland, Island, Færøyene og Kyst-Noreg, dvs. fylka som grensar til Nord-Atlanteren: Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.

NORA blir finansiert av Nordisk Ministerråd, supplert med eit nasjonalt bidrag frå dei fire deltakarlanda. Møre og Romsdal fylkeskommune er med i NORA gjennom medlemskapet i Vestlandsrådet.

Formålet til NORA er å bidra til å gjere Nord-Atlanteren til ein betre stad å leve, og bidra til berekraftig utvikling av regionen. NORA støttar samarbeidsprosjekt mellom aktørar i deltakarlanda. I strategien for 2021-2024 er desse innsatsområda prioritert: bioøkonomi, berekraftig turisme, sirkulær økonomi, transport, energi og lokalsamfunn. Det vert jamleg utlyst midlar til prosjektsamarbeid.