Om internasjonalt samarbeid

Ønsker du å delta i EU-prosjekt eller vite meir om kva moglegheiter som ligg i EU-programma?

Vi kan:

  • Ha kompetanse på og informere om EU-program der fylkeskommunen kan søke om utviklingsprosjekt i samarbeid med aktørar i EU for å nå måla i fylkeskommunens planar og strategiar
  • Rettleie og støtte fagavdelingane i fylkeskommunen i alle fasane i utvikling og gjennomføring av EU-prosjekt
  • Støttefunksjon for prosjektutviklarar og -leiarar knytt til regelverk, prosessar og økonomirapportering i EU-prosjekt
  • Rettleie vidaregåande skolar og opplæringskontor som ønsker opphald i EU-land for sine elevar,  lærlingar eller tilsette, eller som ønsker skoleutvikling gjennom  samarbeidspartnarskap  i EU
    • Etablere og koordinere konsortium på vegne av dei vidaregåande skolane, fagskolane og opplæringskontora i fylket innanfor alle utdanningsområda: fag- og yrkesopplæring, skole og voksnes læring
  • Vere førstelineteneste for ungdommar, ungdomsorganisasjonar og ungdomsarbeidarar som ønsker å samarbeide gjennom EU-prosjekt
  • Mobilisere eksterne aktørar som kommunar, kulturaktørar, miljø for forsking og innovasjon, utdanning og næring til å bli betre kjend med og bruke EU-programma
  • Formidle erfaring frå tidlegare eller pågåande EU-prosjekt
  • Følgje med i og ha kunnskap om politiske prosessar og politikkutvikling i EU
  • Deltaking i Nordsjøkommisjonen og Konferansen for maritime regionar i Europa CPMR for å bidra til å løfte regionen sine nærings- og samfunnsinteresser i desse internasjonale interesseorganisasjonar og andre nasjonale og europeiske nettverk og kompetansarenaer
  • Følgje opp arbeid og aktivitetar i Vest-Norges Brusselkontor VNB
  • Forvalte støtteordninga for internasjonale forprosjekt berekna på kommunar, innovasjonsmiljø og kulturelle og kreative næringar

Gjennom deltaking i internasjonale organisasjonar kan vi løfte regionen sine interesser inn i internasjonale forum.

Snarvegar

Kontakt