Digi Møre og Romsdal

Illustrasjon over mennesker som er koblet sammen

Kva er Digi Møre og Romsdal?

Digi Møre og Romsdal er eit toårig prosjekt med mål om å etablere eit regionalt samarbeid om digitalisering.

Kvifor Digi Møre og Romsdal?

Kommunar står i dag ovanfor fleire felles utfordringar knytt til økonomi og sparetiltak, auka forventningar til tenester, ulik ressurstilgang og ulikt kompetansenivå. Nasjonale, regionale og lokale strategiar gir føringar for korleis digitalisering av offentleg sektor skal gi ein enklare kvardag for innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor gjennom betre tenester, meir effektiv ressursbruk og auke av produktiviteten i samfunnet. 

Kommunane i Møre og Romsdal ønsker no å stå saman for å løyse felles utfordringar, samarbeide om auka digitalisering og løfte kompetanse og gjennomføringskraft for å oppnå digital transformasjon / auka digitalisering. Gjennom å dele eksisterande gode løysingar, hente kompetanse og erfaring frå eige og andre fylke, samarbeide om kompetanseheving og innovasjon - vil dette gi oss betre moglegheit til å løyse morgondagens utfordringar i fellesskap. 

Kven er Digi Møre og Romsdal?

Alle kommunane i Møre og Romsdal samt Møre og Romsdal fylkeskommune er deltakarar i prosjektet og er per i dag representert gjennom IKT-samarbeida sine og/eller ein annan representant. Kristiansund er vertskommune for gjennomføring av prosjektet, og prosjektet si arbeidsgruppe består av representantar frå IKT-samarbeida, fylkeskommunen og digitaliseringsansvarlege som representerer nokre kommunar direkte. 

Deltaking i prosjektet sine aktivitetar er frivilleg og Digi Møre og Romsdal ønsker å legge til rette for at alle som ønsker, i ulik grad skal kunne delta og dra nytte av samarbeidet. 

Bilde med tekst over seks resultatmål

Kva skal Digi Møre og Romsdal gjere?

Gjennom seks innsatsområde skal vi saman løfte felles digital kompetanse i regionen, bidra til auka kvalitet i tenester, sørge for kostnadseffektive og innovative løysingar og skape eit smartare og meir berekraftig samfunn. Vi ønsker å stå saman som region og få ei sterkare nasjonal stemme og plassere Møre og Romsdal på kartet for digitalisering. 

Dei seks innsatsområda handlar om følgande:

  1. Deling av gode digitale løysnigar på tvers og samarbeid om desse, gjennom felles prosjektoversikt
  2. Samarbeide med andre regionale digitaliseringssamarbeid gjennom regelmessige samlingar og erfaringsutveksling.
  3. Samarbeide om utrulling av nasjonale ordningar og felleskomponent
  4. Auke felles digital kompetanse gjennom fagspesifikke nettverk med deling av kompetanse og erfaringar
  5. Samarbeide om tenesteinnovasjon og initiere fellesprosjekt for interesserte kommunar
  6. Legge grunnlag for ein felles strategi med utgangspunkt i eksisterande strategiar og samanfallande fokusområde.

Sjå informasjonsmøte om Digi Møre og Romsdal her:

 

Kontaktperson:

Siri Hollingsæter Stene

Epost: siri.hollingsater.stene@kristiansund.kommune.no

Telefon: 962 37 956

Dokumenter