Nullvisjon for utanforskap

Utanforskap var ei av samfunnsutfordringane deltakarane i MR2025 ønska å samarbeide om i oppstartsundersøkinga i oppstarten av programmet. Sosial inkludering og fattigdom er også ei av utfordringane Berekraftkartlegginga for Møre og Romsdal peiker på som viktig å samarbeide om regionalt. MR2025 har gjennomført to forprosjekt i 2021, og lagt til rette for ein strategisk prosess for å utvikle fellessatsingar gjennom Levekårsnettverket i 2022.

 

Aktivitet i 2021

Aktivitet/ProsjektStatus
Forprosjekt på systematisk vurdering av tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæringFylkeskommunen, Høgskolen i Molde, Høgskolen i Volda, Møreforsking og NTNU har saman gjennomført eit forprosjekt på effekt av tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring med Kristiansund vgs som case. 
Forprosjekt på tverrfagleg samarbeid i grunnskulen saman med Ørsta kommuneMR2025 og Ørsta kommune samarbeider om eit forprosjekt om korleis kommunar kan arbeide for å motverke utanforskap blant barn og unge, med spesielt fokus på samarbeid mellom forvaltningsaktørar og tverrfagleg inkluderingsarbeid. 
Arrangement under The North WestLevekårsnettverket bidrog til ein sesjon om utanforskap under The North West i september.
Kartlegging ungt utanforskap i Møre og RomsdalNordlandsforsking utfører første kvartal 2022 ei kartlegging av risikofaktorar for utanforskap i Møre og Romsdal som grunnlag for fellessatsingar i offentleg sektor.

 

Dokumenter

Kontakt