Nyttårskonferansen 2021

Møre og Romsdal 2025 arrangerte Nyttårskonferansen for tredje gong 13. januar 2021, denne gongen som ein digital konferanse. 

Hovudtema under Nyttårskonferansen 2021:  

  • Korleis kan offentleg og privat sektor samarbeide for å styrke næringslivet i Møre og Romsdal?
  • Berekraftfylket Møre og Romsdal – kva har skjedd sidan lanseringa på Nyttårskonferansen 2020, og kva er vegen vidare?  
  • Kva tar vi med oss av lærdom frå å leie offentleg sektor under pandemien?   

Programmet for konferansen finn du ved å trykke her

 

 

Tove-Lise Torve

Fylkesordførar i Møre og Romsdal. Trur på det gode i mennesket. Trur vi får til meir saman enn kvar for oss. Trur meir samarbeid og samhandling gir uante moglegheiter. Trur på Møre og Romsdal, moglegheitenes fylke. Sjukepleiar, tidlegare stortingsrepresentant og ordførar i Sunndal.

Pål Bakke

Pål Bakke er seniorrådgivar i NHOs regionkontor i Ålesund. Pål har bakgrunn som reporter/journalist i mellom anna TV 2, NRK og Sunnmørsposten. Bakke har vore programleiar/konferansier for ei rekke store og små konferansar og arrangement opp gjennom åra

Bjørn Arild Gram 

styreleiar i KS, og er valgt som politisk leiar for KS i fire år. Han har vore styremedlem i Helse Nord-Trøndelag HF i perioden 2012 - 20 og er møtande varamedlem i styret i Finanstilsynet. Gram var fylkesleiar i Senterpartiet i Nord-Trøndelag fra 2004 - 2006 og fra 2010 - 2012. Han var fylkestingsrepresentant i Nord-Trøndelag fylkeskommune frå 1995 - 2019.

Per Harbø

programleiar for Nasjonalt program for leverandørutvikling, og jobbar i Næringspolitisk avdeling i NHO. Harbø blei tilsett i NHO i 1995 og har mange års erfaring med utviklings- og innovasjonsprosjekt i grensesnittet mellom offentleg og privat sektor. Harbø leier no «NHO/KS Nasjonalt program for leverandørutvikling» som starta i 2010. Formålet med programmet er å betre kompetansen og auke gjennomføringa av innovative offentlege anskaffelsesprosessar.

Ole Christian Lien

avdelingsdirektør i Kunnskapsavdelingen i NAV. Lien leier til dagleg ei eining som er ansvarleg for prognosar og utgreiingar av regelendringar og reformer innenfor ytingane NAV forvaltar. I tillegg leier han arbeidet med NAVs omverdsanalyse, som omhandlar korleis samfunnstrender til 2035 vil treffe NAV. Formålet er å skape refleksjon om moglegheiter og utfordringar NAV vil få framover, og gje grunnlag for meir treffsikre strategiar og planar. 

Bergljot Landstad

Bergljot Landstad har vore tett på næringslivet i fylket i mange år som regional- og næringssjef. Landstad har hatt verv i ulike styre, mellom anna som styreleiar i Regionalt Forskningsfond. Ho har også vore medlem i ulike offentlege utval, sist Distriktsnæringsutvalget (NOU 2020:12).

Espen Remme

Espen Remme blei ny regiondirektør i NHO Møre og Romsdal desember 2019. NHO er landets største arbeidsgivarorganisasjon, med regionkontor i alle landets fylker.
I Møre og Romsdal har NHO ca. 1700 medlemsbedrifter som sysselsett 30 000 arbeidstakarar
.

Helge Gjerde

regionsdirektør for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal. Han har lang næringslivserfaring, mellom anna som direktør i Rolls-Royce Marine. 

Nikolai Astrup

kommunal- og moderniseringsminister, og har ansvaret for styring av forvaltningspolitikk, kommuneøkonomi, lokalforvaltning og valgjennomføring, planlegging, bolig- og bygningspolitikk, koordinering av regjeringa sitt arbeid med FNs bærekraftsmål, kart- og geodatapolitikken, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, kontakten med Kongehuset, samt det administrative ansvaret for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ole Helge Haugen

seksjonsleiar i berekraftig samfunnsutvikling Møre og Romsdal fylkeskommune. Haugen leier arbeidet med «Berekraftfylket Møre og Romsdal» og har vore sentral i arbeidet med å etablere det det nasjonale «Bærekraftnettverket». Han har jobba tett med norske byar og FN for å samordne og tilpasse U4SSC KPI, FN si berekraftkartlegging til norske forhold. Haugen har brei leiarerfaring frå offentleg sektor i fylket, mellom anna som fylkesplansjef i 15 år. 

Rigmor Brøste

Statsforvaltar i Møre og Romsdal. Brøste har lang erfaring frå offentleg sektor. Brøste har vore assisterande Fylkesmann sidan 2012. Før det var ho rådmann i Nesset kommune, og frå 1999 til 2006 var ho personal- og organisasjonssjef i Molde kommune.

Anne Romsaas

Fagsjef, KS Forskning, innovasjon og digitalisering

Britt Rakvåg Roald

assisterande kommunedirektør i Molde kommune. Under pandemien har ho hatt det overordna administrative ansvaret for handteringa av pandemien, og har samarbeidd tett med kommuneoverlegen. Ho har tidlegare vore samhandlingssjef i Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal, daglig leiar i Romsdal Regionråd og prosjektleiar for nye Molde kommune. 

Chaesub Lee

was elected Director of the ITU Telecommunication Standardization Bureau at the ITU Plenipotentiary Conference 2014 in Busan, Republic of Korea, and re-elected to this post for a second four-year term at the ITU Plenipotentiary Conference 2018 in Dubai, United Arab Emirates. 

Dr Lee has contributed ICT standardization for over 30 years, specializing in areas such as integrated services digital networks (ISDN), global information infrastructure (GII), Internet protocol, next-generation networks (NGN), Internet protocol television (IPTV) and cloud computing. 

Valgjerd Bakka Skauge

fagdirektør i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Skauge har brei forvaltningserfaring med bakgrunn frå fleire departementsområde, mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Skauge har deltatt i fleire utgreiingar om statleg forvaltning, og jobbar no som sekretariatsleiar for Arbeidsgiverrådet i staten.

Morten Wolden

kommunedirektør i Trondheim kommune. Han er også leiar for styringsgruppa i det nasjonale «Bærekraftnettverket» for norske kommunar og fylkeskommunar.

Lena Landsverk Sande 

ordførar i Vanylven kommune, og har vore det sidan 2015. Sande er utdanna lærar, men har jobba mellom anna som serviceleiar i Vanylven kommune, stabsleiar for rådmannen og har vore rektor på Åheim skule.

Rune Sjurgard

kommunedirektør i Volda kommune og nestleiar i det nasjonale kommunedirektørutvalet i KS. Han har tidlegare vore rådmann i Herøy kommune. Som rådmann/kommunedirektør i til saman 20 år, har han lang erfaring frå kommunal kriseleiing.

Helge Orten (H)

Leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Else-May Norderhus (Ap)

medlem i Energi- og miljøkomiteen og i Stortinget sin delegasjon for arktisk parlamentarisk samarbeid.

Arnhild Dordi Gjønnes

advokat i NHO Næringspolitisk avdeling.

Arnhild er ein av NHO sine fremste ekspertar på offentlege anskaffingar og har mellom anna skrive handbøker og rettleiingar om temaet.

Arne Ingebrigtsen

har vore rådmann i Kristiansund sidan 2015. Ingebrigtsen er utdanna ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og fullførte nyleg eit årsstudium i velferdsteknologi ved høgskolen i Molde. 

Ingebrigtsen er seriegründer innan IT, litteratur, eigedom, rekruttering og mekling i selskap som QuestBack, ClickBase, Vendetta og Notar.

Stein Veland

direktør for NAV Møre og Romsdal. Veland er partner med den enkelte rådmann i drift og målretting av NAV kontora i fylket vårt. Ein av NAV sine viktigaste oppdrag er å bidra til at så mange som mogleg - kan arbeide så mykje som mogleg - så lenge som mogleg.

Tore Roppen

direktør for forretningsutvikling i Prodtex AS og Prodtex Industri AS. Tore har tidligare erfaring som direktør for produksjon og innkjøp i Kleven. Prodtex sin kjerneverksemd er digital produksjon med design, bygging og drift av robotiserte produksjonsceller. Prodtex bruker digitale tvillingar til programmering, design og datafangst frå produksjonsceller og komponentane produsert i cellene.

Bjørn Tore Nystrand

forsker i Møreforsking , kor han jobber med forskningsprosjekt på oppdrag frå ulike delar av offentleg og privat sektor. Bjørn Tore har vore involvert i ei rekke prosjekt på tvers av ulike forskningsfelt, frå optimalisering i fiskeindustrien og produkt- og marknadsutvikling, via kjønns- og utdanningsforsking til forbrukeratferd og forbrukermarkedsføring relatert til mat. Han er også stipendiat i markedsfag ved UiT Norges arktiske universitet.

Steinar Reiten (KrF)

representant frå Møre og Romsdal på stortinget, og er medlem av Næringskomiteen.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.