Nyttårskonferansen 2022

Påmeldinga er no stengt.

Møre og Romsdal 2025 arrangerer Nyttårskonferansen for fjerde gong på Scandic Hotel Seilet, 11.-12.januar 2022.

11.januar - lunch frå kl 11

  • Berekraftfylket Møre og Romsdal - status og planer framover
    Vi skal høyre frå arbeidet i nokre kommunar, om korleis Husbanken arbeider med sosial berekraft i fylket, og om utviklinga av kompetansehevingsprogram.
    Så skal vi diskutere nokre av hovedutfordringane frå berekraftkartlegginga i Møre og Romsdal og møte nokre kompetansesentra i fylket.
  • Vi får møte den nye Mørebenken på Stortinget
  • Vest-Norges Brusselkontor kjem for å diskutere moglegheitene for offentleg sektor i EU
  • Frivilligheit Norge kjem for å diskutere planane for Frivilligheita sitt år i 2022, og frivillige organisasjonar som samfunnsaktørar.
  • Utdeling av Klimasnuprisen

12.januar - avsluttar med lunch frå kl 12

  • Siste nytt frå Digi Møre og Romsdal
  • Ung deltaking - ungdom som ressurs i samfunnsutvikling
    Ungdomspanelet, Råder for ung medverknad NAV Møre og Romsdal og Ungt Entreprenørskap viser korleis dei arbeider for reell påverknad, og inviterer til diskusjon om potensialet vi enno ikkje har realisert.
  • Partnarskap for radikal innovasjon kjem for å diskutere korleis offentleg sektor i Møre og Romsdal kan dra nytt av og bidra til prosjektet.
  • Diskusjon om korleis vi kan arbeide med sirkulærøkonomi i Møre og Romsdal
  • Kåring av årets regionbyggar

Det vil kome endringar og tillegg i programmet.

Ingen streaming - opptak av konferansen vil bli lagt ut.

Hugs - vi har møterom tilgjengeleg for dei som ønsker å legge møter til konferansedagane og fasiliterer gjerne møter for dei som ønsker det.

12.januar kl 13-15: Digi Møre og Romsdal - samling

Alle deltakarar på Nyttårskonferansen er invitert til å oppleve nytta og synergiane av digitaliseringssamarbeidet i Møre og Romsdal, og diskutere effektivisering og samarbeid mellom kommunar og på tvers av forvaltningsnivå. Meir informasjon og invitasjon kjem i november.

 

Deltaking blir fakturert i etterkant av konferansen.

 

 

Kontakt