Smartare transport

Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 2018 tildelt midlar i ein konkurranse utlyst av Samferdselsdepartementet merka prosjekt som skal utvikle og teste ut nye, effektive og miljøvennlege transportløysingar.

Gjennom ein prosjektperiode på fire år skal fylkeskommunen gjennom eit moglegheitsstudie utgreie løysingar for eit  framtidsretta system for sjøvegs kollektivtransport med autonome passasjerbåtar i byar.

Smartare transport i Møre og Romsdal

Eit system for kollektive sjøtransportløysingar:

  • Autonome passasjerbåtar i trafikk i byar
  • Smarte styringssystem og seglingsfrekvensar/-mønster
  • Landbasert infrastruktur med kontroll, lade- og fyllefunksjonar
  • Tilpassing og uttesting i Ålesundsregionen og i Kristiansund

Måla for prosjektet er mellom anna å:

  • Nytte vassvegen som avlastning til vegnettet
  • Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
  • Gje den kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
  • Skape nærings- og kunnskapsutvikling

Prosjektet utviklast i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.

Prosjektplan – versjon 1.2

Samferdselsdepartementet støttar prosjektet med 12,5 millionar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune  bidreg med 8 millionar kroner.

Bilde av logo der det står Smartere Transport i Norge
WP1 Prosjektavgrensning 
L1.1 Ståstedsanalyse Rapport frå SINTEF
L1.2 Beskrivelse av brukercase Rapport frå NTNU
L1.3 Kvantitativ miljøbeskrivelse

Rapport frå SINTEF

L1.4 Transportfagleg vurderingRapport frå NTNU

 

WP4 Sikkerhet og beredskap 
L4.1 Cyber securityRapport frå SINTEF
L4. 3 Sikre transportløysningarRapport frå SINTEF

 

WP2 Moglegheitsstudie autonome fartøy 
L2.2 Autonomitetsgrad for fartøyskonseptRapport frå SINTEF 

 

Snarvegar

Kontakt