Berekraftfylket Møre og Romsdal

Møre og Romsdal ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida. Vi skal jobbe for å bli berekraftfylke nr 1 i Noreg.

Vi jobbar for å realisere FN sine berekraftsmål, og vi meiner alvor. For å nå desse måla, treng vi dyktige medarbeidarar i både Ålesund og Molde kommune og i fylkeskommunen*. Interessert i ein svært meiningsfull jobb?

Søk på stilling: 

Koordinator Digital tvilling- simulering og visualisering - Ålesund kommune

Bruk av digital tvilling i kommunal planlegging - Molde kommune

Koordinator Berekraftfylket - Møre og Romsdal fylkeskommune (kontorstad i Kristiansund)

 *Kristiansund har allereie tilsett rådgivar i automatisering av datafangst og dagleg leiar av Ålesund framtidslab er under tilsetting.

Totalt fem stillingar i berekraft er finansiert av Fylkemannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom prosjektet Berekraftfylket Møre og Romsdal "Møre og Romsdal 2025"

Bilde av to logoar fro Fylkesmannen og fylkeskommunen

Berekraftfylket Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida. 

Ambisjonen er å gjere Møre og Romsdal til Berekraftfylke nummer 1 i Norge. I dei nasjonale forventningane til kommunal og fylkeskommunal planlegging er signala klare:

  • Berekraftsmåla skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største utfordringar.
  • Fylkeskommunar og kommunar er nøkkelaktørar for å realisere FNs berekraftsmål i Noreg.
  • Berekraftsmåla må bli ein del av samfunns- og arealplanlegginga, og dermed fylkeskommunane og kommunane si verksemd.

Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å svare på regjeringa sine forventningar. Satsinga høyrer under «Møre og Romsdal 2025» der vi samordnar heile offentleg sektor i Møre og Romsdal.

Fagleg er «Berekraftfylket» ein del av  «Det norske bærekraftløftet», eit nasjonalt samarbeidsforum for norske kommunar og fylkeskommunar som arbeider med berekraft med basis i det FN støtta programmet U4SSC (United for Smart and Sustaiable Cities).

Fylkeskommunen samordnar «Berekraftfylket Møre og Romsdal», og bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund har sentrale roller i arbeidet med fagleg utvikling og samordning av heile fylket.  Satsinga vil omfatte alle kommunane i Møre og Romsdal samt offentlege etatar som ønsker å bli med. Sentralt i «Berekraftfylket» står samarbeid med privat næringsliv, foreiningar, frivillig sektor og kulturlivet om konkrete prosjekt og satsingar. Det er og viktig å involvere akademia ved å knytte kunnskapsmiljøa i fylket tett opp mot satsinga og det veivalet «Berekraftfylket» inneber.

Mål og metode

«Berekraftfylket» sitt metodiske utgangspunkt er U4SSC. Det er eit FN-støtta program som måler status i kommunen i høve til FN sine bærekraftmål. Det er 92 samfunnsområde som er med i ei slik analyse. Data frå disse 92 områdane blir plotta inn i datasystem slik at det skal bli mogleg å sjå ein heilheit – og finne smarte og berekraftige løysingar. Utgangspunktet for nøkkeltala er dei 17 berekraftsmåla til FN. Områda som vert kartlagt er alt frå vatn, energi, transport, bygg, sikkerheit, helse, innovasjon og utdanning. Digitalisering kryssar alle områdane.

Alle kommunane i fylket skal kartleggast etter denne metoden som grunnlag for å gjere prioriteringar i arbeidet med å skape eit meir berekraftig samfunn. Byane i fylket har gjennomført ei slik kartlegging, og no samarbeider «Berekraftfylket» tett med U4SSC og BDO for å utvide denne kartlegginga til alle kommunane i fylket.

Denne metoden blir tatt i bruk av stadig fleire norske kommunar, og både KMD, KS og SSB jobbar saman med dei norske pilotkommunane for å implementere metodikken i kommunane.

Kva forpliktar kommunar og andre etatar seg til?

Berekraftmåla gir ei felles, overordna retning for samfunnsutviklinga for å oppnå sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Å nå måla krev felles innsats, lokalt og globalt. Saman kan vi vere ein sentral aktør for å nå berekraftmåla – vi skal, vi kan, og vi vil ta ansvar – no.

Kommunane vil arbeide for å nå berekraftmåla gjennom å:

  • Bidra til kartelegging av status i min kommune
  • Utvikle samfunns- og arealplanar som viser korleis vi skal nå berekraftmåla
  • Mobilisere og støtte innbyggarar, næringsliv, organisasjonar  og akademia som bidreg til berekraftig utvikling
  • Måle og evaluere effekten av innsatsen
  • Offentlege aktørar, organisasjonar og andre som vil vere med på satsinga forpliktar seg til å støtte kommunane i sitt arbeid med «Berekraftfylket Møre og Romsdal».

Du kan ta kontakt med oss på e-post: berekraft@mrfylke.no

Snarvegar

Kontakt