Campus Kristiansund

Campus Kristiansund (CKSU) er eit prosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forskning og innovasjon i Kristiansund sentrum. 

CKSU vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. 

CKSU skal stå ferdig i 2023. Men innhaldet er allereie under oppbygging, både kva gjeld utdanning, forsking og innovasjon. Og frå hausten 2020 etablerer fylkeskommunen eit administrativt fagmiljø i Kristiansund, som del av campusutviklinga

Prosjektet skal bidra til

  • sikre ei langsiktig løysing for høgare utdanning på Nordmøre
  • å utvikle samarbeidet mellom kompetansemiljø i forskning og innovativt næringsliv
  • å sikre Nordmøre den kompetansen privat og offentlig sektor etterspør
  • å bygge opp felles arenaer for prosjektutvikling og kunnskapsdeling, blant anna gjennom å etablere eit nærings- og innovasjonshus som del av campus

Organisering

Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Desse aktørane eig Høgskolesenteret i Kristiansund, som vil bli erstatta av CKSU. 

Fylkeskommunen har prosjektansvaret, og Roland Mauseth er prosjektleiar.

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe: 

  • Styringsgruppa har representantar frå dei fire eigarane og andre aktørar i politikk, næringsliv og forsking i Møre og Romsdal. 
  • Prosjektgruppa si viktigaste oppgåve er koordinering mellom alle aktørane i prosjektet. 

Dei siste nyheitene frå prosjektet:

Plakat som beskriver campuspodden

Du kan lære meir om Campus Kristiansund ved å høyre på Campuspodden. Den finn du der du vanlegvis høyrer podkast. 

Her finn du podkasten på spotify

Her finn du podkasten på Soundcloud

Her finn du podkasten på iTunes

 

 

Dokumenter

Kontakt