Fylkeskommunen etablerer nytt kompetansemiljø i Kristiansund

Frå hausten 2020 vil fylkeskommunen etablere seg i Kristiansund med eit sterkt og tverrfagleg lag, som skal bidra til å realisere Campus Kristiansund. Her vil alle dei tyngste fagområda til fylkeskommunen blir representert med om lag 40 tilsette i eit felles kontorfelleskap. Vil du vere med på laget?

Desse stillingane lyser vi ut per i dag:

bilde av seks personar

Kven er vi på jakt etter?

Vi ser etter deg som har lyst til å vere med og utvikle og prege dette unike prosjektet frå starten, som blir trigga av å vere med på ei spennande reise og som tenker offensivt.

I løpet av 2020 har vi tilsett fleire nye som skal blir ein del av fylkeskommunen si satsing på Campus. Kanskje du er den vi ser etter? Alle ledige stillingar finn du på mrfylke.no/jobb

Det er i Kristiansund det skjer!

Dette er ein av dei mest offensive satsingane på kunnskapsmiljø dei kommande åra. 

Campus Kristiansund blir ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i regionen vår, med ein unik og nyskapande nærleik mellom problem og problemløysarar, mellom praktiske utfordringar og teoretiske modellar, mellom kunnskapsformidlarar, kunnskapsbyggarar og verdiskaparar. Bli med og bygg vårt mest nyskapande kunnskapsmiljø!

Framover blir det bygd det studentbustader og servicetilbod i tilknyting til campus. Fylkeskommunen, kommunen og staten bygger nytt opera- og kulturhus i sentrum. Saman med campus vil det gi byen og heile regionen eit nytt løft.

Kva er Campus Kristiansund?

Campus Kristiansund blir eit framtidsretta og moderne kunnskapsmiljø for forsking, innovasjon, høgare utdanning og kunnskapsdeling. I 2023 blir høgskole, fagskole, forskings- og innovasjonsmiljø samla i ein unik samhandlingsarena, ei kunnskapsklynge der offentlege kompetansearbeidsplassar skal virke saman med bedrifter i regionen. Du kan lese meir på nettsida til Campus Kristiansund, mrfylke.no/campus

Snarvegar