Ein bit av historia

I prosjektet “Ein bit av historia” jobbar vi for å gjere historiske veger i Møre og Romsdal betre kjend og meir brukt. I 2020 og 2021 retter vi fokus på dei historiske ferdselsårene “Den Trondhjemske postveg” og pilegrimsleiene Kystpilegrimsleia og Valldalsleia. Gjennom mange ulike tiltak, som til dømes arkeologiske kartleggingar, digital formidling, oppretting av eit regionalt kystpilegrimssenter, forsking og ulike typar tilskot, vil vi stimulere til at det på sikt veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar langs desse strekningane. 

Satsinga skal gå fram mot Noreg sitt tusenårsjubileum i 2030, og omhandlar kulturarv, folkehelse, stads- og næringsutvikling.  

 

“Den Trondhjemske postvei” er eit gammalt namn på vegen som gjekk mellom Bergen og Trondheim, og som tidleg på 1700-talet vart teke i bruk for å frakte post då staten overtok ansvaret for postvesenet. Gjennom 1700-talet vart landevegane bygd ut og forbetra, slik at postførarar kunne ri, gå eller køyre langs vegen. Aukande trafikk langs vegen gjorde at krava til korleis vegen skulle byggast, vart strengare. I 1794 vart generalvegmeister Christopher Johannes Hammer sin instruks vegnormalen for korleis post- og kongevegar skulle byggast.  

Postvegen gjekk parallelt med kysten frå Bergen over land til Sognefjorden. Det var båtfrakt over fjordane. I Møre og Romsdal kjem postvegen inn via Hornindal i Volda, vidare gjennom Stranda til Ørskog og Vestnes kor posten vart frakta med båt til Molde. Frå Molde gjekk vegen over Osmarka i Gjemnes, vidare med båt til Tingvoll på Nordmøre, derfrå gjennom innlandet via Surnadal og vidare gjennom Rindal mot Trøndelag.  

Den opphavelege postvegen gjennom Møre og Romsdal er bevart fleire stader på ruta, men mykje av vegen følgjer nye trasear som ligg under asfalt. Statens vegvesen har ei eiga Facebook-side om postvegen. Der finn du mange flotte bilete og meir informasjon.  

I 2020 og 2021 har “Ein bit av historia” desse tiltaka for utvikling av postvegen:  

 

  • Lokale prosjekt i Ørskog, Molde, Vestnes og Tingvoll 
  • Tilstandsregistrering av postvegen gjennom Møre og Romsdal 
  • Utarbeide moglegheitsstudie for “Den Trondhjemske postvei” gjennom Møre og Romsdal  

Arbeidet er støtta av Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram.  

I Noreg har vi ni pilegrimsleier, eller St. Olavsveger som dei og kallast. Alle fører til Nidarosdomen i Trondheim. To av desse går i Møre og Romsdal, Valldalsleden og Kystpilegrimsleia. Begge er historiske ferdselsårer som fortel ei unik side av landet si historie. Du kan lese meir om leiene på heimesida til Nasjonalt pilegrimssenter:  https://pilegrimsleden.no/ 

I 2020 og 2021 har “Ein bit av historia” desse tiltaka for utvikling av pilegrimsleiane: 

  • Tilskot til ulike prosjekt og tiltak langs leiene 
  • Tilskot til næringsutvikling 
  • Digital formidling av kulturarv 

Korleis kan det ha vore i Møre og Romsdal i vikingtida og i mellomalderen? Korleis såg husa, reiskapen og landskapet ut? Dette er spørsmål vi har jobba med det siste året. Ved å kombinere kulturhistorisk forsking med nye digitale verktøy, vil vi i prosjektet utforske dei nye moglegheitene som har opna seg for å formidle historie og kulturarv. 

På bakgrunn av professor Brit Solli si forsking gjort på Veøy, og i samarbeid mellom våre eigne arkeologar og tradisjonshandverkarar har Tidvis as laga 3D-modellar av to leidangsnaust, desse og fleire andre modellar kan du sjå på denne lenka. Velkomen til Veøy år 986! 

Alle modellane er opne data, og kan lastas ned på denne lenka. 

Vi er no i gang med å teste korleis slike modellar kan brukast i ulike former for formidling til barn og unge, eldre og turistar. Målet med denne delen av prosjektet, er å lage større digitale tvillingar av Borgund, Edøy og Veøy slik stadane såg ut i mellomalderen.  

Hausten 2019 gjorde vi eit heilt spesielt funn på Edøy i Smøla kommune. Ved hjelp av ny teknologi og ein georadar, avdekka arkeologar frå fylkeskommunen og NIKU – norsk institutt for kulturminneforskning spor av eit skip og spor frå busetting som sannsynleg er frå merovinger- eller vikingtid. Du kan lese meir om funnet på NIKU si heimeside. NIKU har utarbeidd ein førebels rapport om resultata på bakgrunn av sine undersøkingar. Vi ventar no på den offentlege rapporten, og er svært spente på om georadaren har avdekt enda fleire spor frå fortida.  

Det er no sendt to søknadar til Riksantikvaren om sikringsmidlar for vidare undersøkingar av funnet. Ein frå NTNU vitenskapsmuseet om å gå inn i sjølve skipsgrava, og ein frå fylkeskommunen om metallsøk i området rundt. Ein forventar svar på desse i løpet av april. Ved positivt svar vil metallsøk starte i løpet av våren, medan eventuelle utgravingar vil starte til hausten.  

Kontakt