Spørsmål og interpellasjonar

Er du fylkestingsmedlem kan du rette førespurnader til fylkesordføraren om saker som ikkje er nemnde i innkallinga. Du avgjer sjølv om førespurnaden skal stillast i form av ein interpellasjon eller eit spørsmål.

Interpellasjon

  • Interpellasjonar må du melde inn skriftleg, og dei må vere hos fylkesordføraren seinast 14 dagar før fylkestingsamlinga tek til.
  • Dei blir satt opp på saklista under eigne saksnummer.
  • Alle medlemmar av fylkestinget og andre kan del i ordskiftet på vanleg måte.
  • Under ordskiftet kan det bli sett fram eit framlegg om at det skal greiast ut ei sak på bakgrunn av interpellasjonen. Fylkestinget kan med vanleg fleirtal vedta framlegget.

Spørsmål

  • Har du spørsmål til fylkesordføraren, må du levere inn dette skriftleg, før siste møtedagen.
  • Fylkesordføraren kan vente med å svare til eit seinare møte under same samlinga.
  • Det skal ikkje vere ordskifte i tilknyting til spørsmålet.
  • Spørsmålet skal berre bli referert av den som har stilt spørsmålet, og fylkesordføraren skal gje eit kort svar.
  • Spørsmålsstillaren har høve til å stille eit kort tilleggsspørsmål om den saka som er reist.
  • Skal spørsmålet danne utgangspunkt for realitetsvedtak, må framgangsmåten for oppføring av ny sak på saklista følgast, jfr. § 18.

Interpellasjonar og spørsmål sender du til politikk@mrfylke.no