Leiar |
---|
Per Ivar Lied (Sp) |
Medlemmar | |||
---|---|---|---|
Line Hoem (Ap) | Pål Farstad (V) | Terje Hals (NML) | Monica Molvær (H) |
Bjørnar Dahle Representant frå arbeidsliv | Marthe Outzen Representant frå arbeidsliv | Haldor Sæther Tilsettrepresentant | Joakim Gjerde Studentrepresentant |
Fagskolestyret er det øvste organet for fagskoleutdanninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Styret har ansvaret for å drifte og utvikle fagskoletilbodet i samsvar med føremålet for fagskolen.
Styret har ansvaret for at opplæringa ved studiestadene til fagskolen er i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for verksemda, og at tilbodet er i samsvar med godkjenninga frå NOKUT.
Styret har ansvaret for det fysiske og psykiske arbeids – og læringsmiljøet til tilsette og studentar.
Fagskolestyret har 9 medlemar med røysterett med personlege varamedlemar.
Styret har slik samansetjing: Fem medlemar skal vere politikarar valt av fylkestinget. Ein av desse skal vere leiar.
To medlemar skal vere frå relevant arbeidsliv. Ein medlem skal vere student og ein medlem skal vere tilsett i Fagskolen i Møre og Romsdal.