Ungdommens fylkesting

Kvar haust arrangerer Ungdomspanelet (UP) og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterar viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit UP som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året og Ungdomspanelet rapporterar til UFT om sitt arbeid.

Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar.

Ungdomspanelet kan invitere inntil 10 delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.

Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UP skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Spørsmål: ungdomspanelet@mrfylke.no 

Påmelding ungdommens fylkesting

Her kan du melde på delegatar til ungdommens fylkesting. Påmeldingsfrist: 1. oktober 2020

  • Kommunar med over 20 000 innbyggarar: Tre representantar + to vara
  • Kommunar med under 20 000 innbyggarar: To representantar + to vara
  • Organisasjonar/lag/foreiningar: To representantar + to vara

Representant 1

Representant 2

Representant 3

Vararepresentant 1

Vararepresentant 2

Kontaktperson/koordinator kommune/organisasjon

Innkalling blir sendt ut tre veker før. Det er viktig at du sender tilbake samtykkeskjemaet som ligg ved innkallinga.

Her kan du sende inn nominasjon til årets ungdomskommune. Frist: 1. oktober

Årets ungdomskommune

Kvar haust deler ungdommens fylkesting ut prisen Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til kommunar som blant anna har utmerka seg ved å legge til rette for medverknad for ungdom.

Send inn dersom du har forslag til kven som kan bli Årets ungdomskommune 2020.

Har du spørsmål ta kontakt med ungdomspanelet på ungdomspanelet@mrfylke.no

Retningslinjer

1. Prisen "Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal " delast ut årleg av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

2. Prisen skal gå til kommunar som har utmerka seg ved å:

Legge til rette for medverknad for ungdom
Skape gode møtestader for ungdom
Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller
På anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen
3. Prisen delast ut i innan april året etter at kåringa er gjort og gjeld inneverande år.

4. Kommunar kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke.

5. Nomineringa skal sendast i skriftleg form til ungdomspanelet innan den annonsert fristen.

6. Nomineringsbrevet må innehalde ei grunngjeving for nomineringa

7. Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane i fylke, samt å annonsere prisen godt.

8. Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen.

9. Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkome nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens Fylkesting.

10. Medlemer i ungdomspanelet kan ikkje nominere kommunar til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens Fylkesting.

11. Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet vert lukka under handsaminga.

12. Prisen består av eit diplom og kroner 10 000 som ungdomsrådet/ungdommens kommunestyre i Årets ungdomskommune skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom.

13. Ungdomspanelet tek atterhald om retten til ikkje å dele ut prisen.

Tidlegare vinnarar:

2018: Ulstein kommune

2017: Halsa kommune

2016: Smøla kommune

2015: Eide kommune

2014: Herøy kommune

2013: Nesset kommune

2012: Surnadal kommune

2011: Herøy kommune

2010: Halsa kommune

Val av ungdomspanel

Har du lyst til å delta i ungdomspanelet? Fyll ut skjemaet for å melde deg på. 

Snarvegar

Kontakt