Berekraftfylket

Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommunen om ei felles regional satsing på berekraft. Å legge til rette for godt samarbeid mellom kommunane i fylket, og mellom kommunane og andre aktørar står sentralt i Berekraftfylket.

Prosjektet har to hovudmål: 

  • Å bygge eit lærande fellesskap mellom kommunane i Møre og Romsdal som styrkar deira evne til heilskapleg og integrert berekraftsarbeid
  • Å legge til rette for samarbeid mellom kommunane om løysing av felles, identifiserte berekraftsutfordringar i partnarskap med ei bredde av aktørar

OECD -samarbeid om sirkulærøkonomi

Møre og Romsdal fylkeskommune har som einaste i Noreg blitt plukka ut som ein av ti regionar i Europa til eit samarbeid med OECD på sirkulær økonomi. Samarbeidet inkluderer fysiske panelintervju med sentrale aktørar i regionen innanfor offentleg, privat og frivillig sektor som jobbar med sirkulære initiativ. Dette vil resultere i ein rapport med praktiske tilrådingar til korleis regionen kan jobbe vidare med å utvikle sirkulære initiativ og styrke regionen i møte med nye utfordringar og greie omstillinga til det grøne skiftet.

Regional berekraftsprofil og satsingsområde

Alle kommunane i fylket har gjort ei kartlegging av status på berekraft ved bruk av FN-metodikken United 4 Smart Sustainable Cities (U4SSC). Fylkeskommunen har samanfatta resultata frå kartleggingane i ein eigen rapport - berekraftsprofilen for Møre og Romsdal.
I rapporten er det peika ut seks satsingsområde som er spesielt egna for felles, regionalt samarbeid. Dei seks områda er:

  • Sirkulær økonomi
  • Fattigdom og sosial inkludering
  • Smart og berekraftig VA-sektor
  • Digitalisering av offentleg sektor
  • Offentlege bygg - byggsertifisering
  • Lokalmat og mattryggleik

 

Dei seks satsingsområda blir fulgt opp av ulike initiativ, både gjennom Berekraftfylket direkte og andre initiativ.

Kvifor blei «Berekraftfylket Møre og Romsdal» initiert?

FN lanserte i 2015 dei 17 berekraftsmåla. Måla gir ei felles retning for samfunnsutviklinga i verda. I 2019 kom det nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Berekraftsmåla blei tydeleg vektlagt. Dei skulle vere «det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største utfordringar». Det blir anslått at 2/3 av berekraftsmåla kan og må løysast lokalt og regionalt. Fylkeskommunar og kommunar blir derfor peika på som nøkkelaktørar for å realisere FNs berekraftsmål i Noreg. Fylkeskommunen har, saman med statleg myndigheit, eit særskilt ansvar for å bistå kommunane i arbeidet med berekraft, og mobilisere ei bredde av aktørar på tvers av sektorar til å jobbe med berekraft.
Kommunane i Møre og Romsdal løfta også sjølv fram eit ønske om samarbeid om arbeid med berekraft gjennom programmet «Møre og Romsdal 2025», som arbeider for betre samarbeid på tvers av forvaltningsnivå i offentleg sektor i fylket. Berekraft blei identifisert som ei av utfordringane kommunar og statlege aktørar framheva som for stor og kompleks til å løyse kvar for seg, der dei ønska eit fylkesdekkande samarbeid.

Korleis er satsinga organisert?

Kjernen i Berekraftfylket er samarbeid med og mellom kommunane Prosjektet er organisert under programmet Møre og Romsdal 2025, og rapporterer til og deltek i dei ulike foruma i programmet. 
Statsforvaltaren har vore ein viktig støttespelar for å realisere berekraftsfylket, og har mellom anna bidratt med skjønnsmidlar for å støtte satsinga.
Berekraftfylket samarbeider også tett med det nasjonale berekraftsnettverket for kommunesektoren, og er med i EU-nettverket Circular Citites and Regions.