Sjekkliste PC/Mac før privatisteksamenDette må du gjere før eksamen for å sikre at datamaskina fungerer som den skal. Generelle krav for alle eksamenarRestart maskina dagen før eksamen slik at alle oppdateringar blir installerte.Ta med ladar/straumforsyning og mus dersom du brukar det. Øv på å lagre dokument som PDF, slik at du kan gjere dette utan problem under eksamen.Sekk kva nettressursar du kan bruke på eksamen, test at dei fungerer og lagre lenkene på førehand.Det er ikkje lov å ha chatrobotar, tekstgeneratorar eller anna KI-teknologi installert på maskina du brukar på eksamen.VPN er ikkje lov å bruke og må fjernast frå maskina.Sjå nettsida "Støtte til teknisk oppsett av maskinen” (udir.no) for rettleiing om fjerning av forfattarinformasjon, tastaturspråk, stavekontroll og bruk av mobilkamera under eksamen. På grunn av utviklinga av kunstig intelligens har Udir tatt i bruk sikker nettlesar Safe Exam Browser (SEB) i utvalde fag.Sjekk om du skal gjennomføre eksamen med sikker nettlesar (udir.no) Eksamen med sikker nettlesarDu må bruke PC med Windows eller Mac. SEB fungerer ikkje på Chromebook eller nettbrett.Det er ikkje mogleg å låne PC av skolen. Er du usikker på om PC-en din oppfyller krava? Ta kontakt med IT på skolen.Installer SEB frå: kandidat.udir.no/sebguide. Test at du har rett versjon og at programmet fungerer på maskina di.Dersom du har Mac, må du ha menylinja (Menu Bar) slått på. Det er her du byter tastatur inne i SEB.Eksamen utan sikker nettlesarVi anbefaler at du brukar PC med Windows eller Mac. Chromebook og nettbrett kan gi problem med nett og innlevering, og blir derfor frårådde. Er du usikker på om PC-en din fungerer som den skal? Ta kontakt med IT på skolen.Du må ha eit skriveprogram installert. Sjekk at ordliste og stavekontroll fungerer.Du må laste ned ordboka slik at du kan bruke den offline under eksamen. Ordbok er alltid lov å bruke som hjelpemiddel.Alle program du skal bruke på eksamen må fungere utan internett. Test ved å skru av wifi på maskina di.