Hugs gyldig legitimasjon
Du må ha med gyldig legitimasjon på eksamensdagen. Eksempel på gyldig legitimasjon er:
- Bankkort med bilde og fødselsnummer
- Førarkort eller førarkort-app
- Pass
- Nasjonalt ID-kort
- Gyldig elevkort med bilde
Oppmøte
Møt opp i god tid og seinast kl. 08.30. Eksamen startar kl. 09.00. Møter du etter kl.10.00, får du ikkje gjennomføre eksamen. Det er ikkje lov til å forlate eksamenslokalet før kl. 10.00.
Oppstart
Når du kjem til eksamenslokalet, må du registrere deg hos ei av eksamensvaktene og sette deg på plassen du får tilvist. På pulten din ligg det ein bordlapp med:
- namnet ditt
- kandidatnummeret ditt
- fagkode du skal ta eksamen i
- dagspassord for bruk av internett
Etter registreringa kan du ikkje forlate plassen din utan samtykke frå eksamensvakta.
Dei hjelpemidla du har lov til å bruke skal ligge på/ved pulten din under heile eksamen.
Mobiltelefon og smartklokke skal vere slått av (ikkje på lydlaus eller flymodus) og leggast i sekk/veske og ligge på anvist plass. Det er lov å bruke hovudtelefonar eller øyrepluggar, bortsett frå under del 1 i todelte eksamenar. Det er ikkje lov å kommunisere med andre via internett, mobiltelefon, smartklokke, bluetooth-forbindelse eller liknande.
Når du mottar eksamensoppgåva, må du sjekke at du har fått tildelt riktig oppgåve ved å samanlikne fagkoden på bordlappen og fagkoden på eksamensoppgåva. Om du har mottatt feil fagkode på eksamensoppgåva, kontakt eksamensvakta med ein gong.
Sjekk om eksamensoppgåva inneheld vedlegg som skal svarast på og leverast inn.
Gjennomføring
Heildigital eksamen
Eksamen blir publisert og skal gjennomførast digitalt. I nokre fag vil du og få papirutgåve av eksamensoppgåva. Dette gjeld norsk-faga, engelsk 1 og 2, økonomistyring og økonomi og leiing.
Todelt eksamen
Du får utdelt eksamensoppgåva på papir, og ark for kladd og innføring. Fyll ut felta på innføringsarket i tråd med informasjon som blir gitt i eksamensrommet.
Svara for del 1 leverast når eksamenstida for del 1 er slutt. Du kan starte på oppgåvene i del 2 før eksamenstida for del 1 er ferdig, men du har ikkje tilgang til hjelpemiddel før eksamenstida for del 2 startar. Del 2 kan svarast på papir, digitalt eller ein kombinasjon av begge deler.
Innlevering
Det er berre det du produserer under sjølve eksamenstida du kan levere inn. Alt som du produserer digitalt, skal du sjølv levere. Det du har produsert på papir vil skolen skanne og levere digitalt for deg.
Når du er klar for å levere svara dine, så gir du eit teikn til eksamensvakta. Du er sjølv ansvarleg for at det du leverer er i orden. Ikkje forlat plassen din før du får klarsignal frå eksamensvakta.
- Skriftleg eksamen i LK20 er heildigital og skal svarast på direkte i nettlesaren. Unntak: alle todelte eksamenar.
- Skriftleg eksamen i LK06 kan leverast digitalt, på papir eller ei blanding. Papirsvar kan berre leverast på papir som du får utlevert. Bruk svart eller blå penn.
Munnleg eksamen er todelt og består av:
- Førebuingstid: 30 minutt
- Eksamenstid: inntil 30 minutt
Førebuing
Privatistane trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. I førebuingstida skal privatisten opphalde seg i førebuingsrommet.
Hjelpemiddel
Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemiddel. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen.
Eksamen
Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
Det er sensor 1 som leier eksamineringa. Sensor 2 skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor 2 kan også stille spørsmål til privatisten.
Eksamenskandidaten kan bruke 5–10 minutt av eksamenstida til eit eventuelt innlegg om tema/problemstilling/oppgåve. Resten av tida skal brukast av sensorane til fagsamtale med eksamenskandidaten om tema/problemstillinga/oppgåva. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.
Leseliste i fag med munnleg eksamen
I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste for å gi sensorane informasjon om kva du har arbeidd med. Leselista bør til dømes innehalde:
- Kva for eit prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med der dette er eit krav i læreplana
- Kva for romanar eller anna tilleggslitteratur du har lese i dei faga der læreplana krev det
Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Læreplana i faget blir lagt til grunn for eksaminasjonen. Fristen for å levere leseliste til skolen er 1. april for vår eksamen og 15. oktober for hausteksamen. Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen.
Munnleg-praktisk eksamen er todelt og består av:
- Førebuingstid: 45 minutt
- Eksamenstid: inntil 45 minutt
- Førebuing
Du trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje styrast av eksaminator eller sensor, men same tema/problemstilling/oppgåve kan bli gitt til fleire privatistar på same parti.
Hjelpemiddel
Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemiddel. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen.
På den praktiske delen av eksamen er alt relevant utstyr tillat. Under innlegg/presentasjon er notata frå førebuingstida tillate hjelpemiddel. Det er ikkje tillate å bruke internett eller kommunisere med andre under sjølve eksamen.
Leseliste i fag med munnleg-praktisk eksamen
I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste for å gi sensorane informasjon om kva du har arbeidd med. Leselista bør til dømes innehalde:
- Kva for eit prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med der dette er eit krav i læreplana
- Kva for øvingar du har gjort i eksperimentelle fag
Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Læreplana i faget blir lagt til grunn for eksaminasjonen. Fristen for å levere leseliste til skolen er 1. april for vår eksamen og 15. oktober for hausteksamen. Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen
Eksamen
Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma. Eksamen skal innehalde eit praktisk innslag.
Det er eksaminator som leier eksamineringa. Sensor skal ha ei lyttande/observerande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor kan også stille spørsmål til privatisten.
Inntil 25 minutt av eksamenstida kan settast av til praktisk del eller presentasjon frå eksamenskandidaten om tema/problemstilling/oppgåve. Resten av tida skal eksaminator og sensor bruke til fagsamtale med eksamenskandidaten om tema/problemstillinga/oppgåva. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre delar av læreplanen.
Eksamenstida er inntil fem timar.
Normalt blir praktisk eksamen for privatistar gjennomført utan eigen førebuingsdag. I nokre fag kan det vere ein førebuingsdel same dag som eksamen. Når førebuing og eksamen blir gjennomført same dag, skal desse ikkje overstige fem timar totalt.
Hjelpemiddel
- Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingstida.
- Ved kort førebuingsdel på sjølve eksamensdagen, kan PC/Mac med ope internett brukast.
- Det er lov å ta med notat frå førebuinga inn til eksamen.
- Privatistar kan også ha med seg annan type arbeid eller produkt frå førebuinga inn til eksamen.
Eksamen
Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
Ein tverrfagleg eksamen på vg2 og vg3 yrkesfag skal prøve kompetansemål frå alle dei felles programfaga i den aktuelle læreplanen. Eksamensoppgåva kan eventuelt ha tyngdepunkt i eitt programfag og vere lausare tilknytt andre fag. Eksamen kan vere retta mot eit lærefag innanfor aktuelt programområde.
Gjennomføringa kan variere i ulike fag/programområde og kan innehalde ulike kombinasjonar av praktisk, skriftlege og munnleg arbeid.
Det er sensor 1 som leier eksamineringa. Sensor 2 skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor 2 kan også stille spørsmål til privatisten. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.
Usikker på om du skal ta eksamen etter ny eller gammal læreplan?
Kor lenge varer eksamen?
Førebu deg til eksamen