Du kan ta utdanning på kortare tid dersom du får godskrive tidlegare erfaring som realkompetanse. Realkompetansevurderinga kan også gi dokumentasjon som du kan bruke til å søke arbeid.
Realkompetansevurdering er ei ordning der du kan få vurdert din kompetanse mot måla i Vg1 og Vg2. Du søker om realkompetansevurdering i Vigo. Vurderinga blir gjennomført av eitt av våre ressurssenter. Det skjer gjennom samtale, eigenvurdering og tilsendt dokumentasjon. På bakgrunn av dette vil du få eit kompetansebevis.
Viss du har lite eller ingen yrkespraksis, kan vi ikkje gjennomføre realkompetansevurdering.
Kostnad realkompetansevurdering
Dersom du har rett til vidaregåande opplæring for vaksne eller blitt tilvist frå NAV eller kommunen, har du rett til få realkompetansen din vurdert gratis.
Har du ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du få realkompetansevurdering dersom ressurssenteret har kapasitet. Kostnadane for dette må du dekke sjølv. Prisen vil variere frå 2000 - 4000 kroner per fag, avhengig av type fag (2026-tal).
Søk om realkompetansevurdering (vigo.no)