Tilskot til skjøtsel, skilting, merking og mindre friluftstiltak

Vil du bidra til å ta vare på og formidle kulturminne, kulturmiljø, kulturlandskap, grøntområde og friluftslivsområde i Møre og Romsdal? Da kan du søke om tilskot frå fylkeskommunen. Tilskotsordninga gjeld for skilting, skjøtsel og tilrettelegging av slike verdifulle område.

I 2024 er det siste gong denne ordninga blir lyst ut i si noverande form. Frå 2025 blir den ein del av den nye ordninga «Prosjekt og tiltak kulturminne, kulturmiljø og friluftsliv».

Kva kan du søke støtte til?

Tiltak som kombinerer tilrettelegging for friluftsliv og formidling av kulturarv vil bli prioritert.

Når kulturarv er ein del av søknaden, blir tiltaket prioritert dersom kulturminne

  • er freda etter lov om kulturminne
  • står i lista over kulturminne i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturmiljøplanar/kulturminneplaner
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningsloven

I friluftslivsområde der kulturminne ikkje er ein del av tiltaket prioriterer vi

  • tiltak i nærleiken av der folk bur og/eller oppheld seg
  • område som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013.
  • prosjekt som inngår i ein heilskapleg plan eller strategi, til dømes plan for friluftslivets ferdselsårer

Kven kan søke støtte?

Privatpersonar, stiftingar, foreiningar, organisasjonar, sameige, frivillige, museum og kommunar.

Formål

Formålet med tilskotsordninga er å medverke til at kulturminne og friluftsliv blir verna, verdsett og nytta av fleire. Ordninga skal støtte tiltak som bidreg til formidling, skjøtsel og tilrettelegging som kan gi auka kunnskap, interesse og engasjement for kulturminne og friluftsliv blant innbyggjarar og besøkande.

Søknadsfrist

1. april

Støtteordninga opnar for nye søknadar 19. februar, seks veker før søknadsfristen 1. april. For å få behandla søknaden din  du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

Søknadsskjema i Regionalforvaltning

Relevante lenker

Sjå også Miljødirektoratet sin rettleiar for kartlegging og verdsetting av friluftsområde.

Søk og utforsk kulturmiljø, kulturminne og landskap i Riksantikvaren sitt kulturminnesøk.

Skal du sette opp eit skilt? Ta ein titt på skiltmanualen i Merkehåndboka.