Lokale kulturbygg

Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.

Skriv ut

Formål:

Ordninga skal bidra til egna lokale og bygningar til ulik kulturell aktivitet. Bygningane skal fungere som kulturelle møtestader for lokalmiljø og/eller for ein region.

Kva kan du søke tilskot til?

Investeringstilskot til nybygg, tilbygg/ombygging av eksisterande kulturlokale og kjøp/ombygging av andre lokale til kulturbygg. 

Kven kan søke?

Søkar kan vere andelslag (der alle som ønskjer det kan vere med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging. 

Søknadsfrist:

  • Send søknad til  kommunen innan 15.februar.
  • Kommunen skal sende godkjent søknad med vedlagt kommunal prioritering til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 1.april. 

Korleis søker du:

Bruk elektronisk søknadsskjema gjennom anleggsregisteret.no, sjå lenke under.