Møremusikarane

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og verksemda deira. I tillegg kan fylket på frilansbasis engasjere andre profesjonelle musikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket.

Skriv ut

Kva kan Møremusikarordninga nyttast til?

Instruksjonsoppdrag, alle typer konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespill i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søke om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangører av alle typer konsertar
  • Lag og organisasjonar 
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester 
  • Det lokale næringslivet 
  • Festivalarrangørar m.f. 

Søknadsskjema og meir informasjon finn de på Møremusikarane sine eigne nettsider, sjå lenke under.

Fristane for å søke om Møremusikartenester: 15.februar, 15.mai, 15.september og 15.november.