Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv.

Skriv ut

Formål:

Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. 

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan søke om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg aktivitet og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

  • For ordinære anlegg og rehabilitering, minimumskostnad kr 150.000
  • For kart, minimumskostnad kr 75.000
  • For nærmiljøanlegg, minimumskostnad kr 50.000

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må vere prioritert i kommunane sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og tilhøyrande handlingsprogram.  

Søknadsfrist:

Kva kommune har eigen frist Til fylkeskommunen 15. januar kvart år. Til departementet 15. mars.

Korleis søker du:

Sjå retningslinjer på regjeringen.no. Lenke finn du under.
 NB! Søknaden skal sendast frå/gjennom kommunen.

Kontakt