Tilskot til frivillig verksemd

Prosjekttilskot til tiltak eller prosjekt som i hovudregelen omfattar aktivitet som har eit regionalt nedslagsfelt. 

Skriv ut

Formål:

  • styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande kulturaktivitet
  • stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kultur- og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal
  • stimulere nettverksbygging og samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor

Kva kan du søke tilskot til?

  • Enkelttiltak eller prosjekt som omfattar aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt
  • Prosjekt som er av interesse for store deler eller heile fylket
  • Prosjekt som stimulerer til utvikling av nye idear, samarbeid og eit aktivt og mangfaldig kulturliv

Kven kan søke?

  • allmennkulturelle aktørar
  • kunst- og kulturorganisasjonar med eit regionalt nedslagsfelt (lokallag, medlemmer eller aktivitet som omfattar minst 5 kommunar)
  • regionalt-/fylkesledd av frivillige organisasjonar

Søknadsfrist:

3.september

Korleis søker du?

Søk via Regionalforvaltning. Sjå lenke under.