Tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement

Eittårig og treårig tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement.

Skriv ut

Formål:

Gjere kunst og kultur av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogleg.

Styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande og ny aktivitet

Stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket

Fremme samhandling og kompetansedeling mellom aktørar, lokalt, regionalt og nasjonalt

Stimulere nye former for formidling

Utvide kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet til barn og unge

Kva kan du søke tilskot til?

Tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement.

Kven kan søke?

  • Festivalar og andre kulturarrangement på områda kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.
  • Festivalar og andre kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg, og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må ha eksistert i minimum tre år og ha styre og vedtekter.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar offentleg tilskot frå kommune, og/eller stat vil bli prioritert.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må vise til ein kommunal deltaking på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet.

Søknadsfrist:

2. desember 2019

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning. Du finn lenka under.