Tilskot til statlig sikra friluftsområde

Tilskot til ulike praktiske tiltak i viktige friluftsområde som er statleg sikra. Tilskota skal gå til naturvenleg tilrettelegging og skjøtsel for å gjere områda lett tilgjengelege og attraktive for friluftsliv.

Skriv ut

Formål:

Målet for ordninga er å bidra til å fremje friluftsaktivitet i statlig sikra friluftslivsområde og i område som er verna som friluftslivsområde etter markaloven.

Kva kan du søke tilskot til?

Opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel. For eksempel informasjonstavler, opparbeidelse av atkomstveg, parkeringsplass og turvegar eller turstiar, fiskeplassar, tiltak for å auke tilgjengelighet for personar med nedsatt funksjonsevne, badeplassar, brygger, toalett og søppelstativ, tilplanting og skjøtsel, samt formidling av kulturminne.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar og interkommunale friluftsråd, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta. 

Søknadsfrist:

01. februar

Korleis søker du:

Send søknaden via Miljødirektoratet. Du finn lenke under.