Tilskot til frivillig verksemd

Prosjekttilskot til tiltak eller prosjekt som i hovudregelen omfattar aktivitet som har eit regionalt nedslagsfelt.

Skriv ut

Formål:

Styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande kulturaktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal, samt å stimulere nettverksbygging og samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor

Kva kan du søke tilskot til?

Enkelttiltak eller prosjekt som omfattar aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt, er av interesse for store deler eller heile fylket og som stimulerer til utvikling av nye idear, samarbeid og eit aktivt og mangfaldig kulturliv 

Kven kan søke?

Allmennkulturelle aktørar,  kunst- og kulturorganisasjonar med eit regionalt nedslagsfelt (lokallag, medlemmer eller aktivitet som omfattar minst 5 kommunar) og regionalt-/fylkesledd av frivillige organisasjonar

 

Søknadsfrist:

4 .mai

Korleis søker du?

Du søker via Regionalforvaltning

Dokumenter

Kontakt