Internasjonal forprosjektordning for Møre og Romsdal – Pilot 2020

Skriv ut

Formål

Auke kompetansen hos aktørar i fylket, og generere aktivitet som kan føre til internasjonale prosjekt for utvikling og nyvinning.

Kven kan søkje på forprosjektordninga

  • Kommunar
  • Innovasjonsmiljø
  • Kulturell og kreativ næring

Kvar aktør kan berre sende ein søknad.

Kvart prosjekt kan søke om inntil 150 000 kroner. Det er krav om minst 25 prosent eigenfinansiering i form av kapital eller eigeninnsats.

Søknadsfrist: vi tek imot og behandlar søknadar løpande fram til og med 1.12.2020.

Søkar må vise til at forprosjektet er godt forankra i organisasjonen. Det må gå fram at søkar har kapasitet og kompetanse til å gjennomføre forprosjektet og prosjektet dei søker om å utvikle i forprosjektet

 

Kontakt