Yrkesfaglærer 2

Formål: Ordninga med Yrkesfaglærar 2 går ut på at fagpersonar frå arbeidslivet blir direkte involvert i opplæringa på yrkesfag.

Ordninga skal bidra til å forsterke samarbeidet mellom skole og arbeidsliv, og auke elevane sitt læringsutbytte og motivasjon for faga. Ordninga skal også bidra til å heve lærarane si kompetanse.

Elevane får opplæring direkte frå arbeidslivet, og bedrifter får møte potensielle lærlingar.

Skriv ut

Kven kan søke?

  • Bedrifter
  • Skoler

Det skal inngåast avtale mellom fagpersonen frå arbeidslivet og skolen. Det skal kome fram korleis opplæringa er knytt til læreplanane og korleis elevane skal vurderast.  

Fagpersonen frå arbeidslivet bør jobbe i lokalt eller regionalt arbeidsliv. Fagpersonen må ha kompetanse som er relevant for det aktuelle utdanningsprogram/programområde.

Kva kan du søke om å få midlar til?

Midlane skal brukast til å hente fagkompetanse frå arbeidslivet inn i skolen for å styrke dei faglege aspekta ved opplæringa, og auke elevane sin motivasjon for faga. Fagpersonen gir opplæring til elevar på yrkesfag om tema innan fagpersonen sitt fagområde, og som er relevant for elevane sitt utdanningsprogram/programområde. Opplæringa kan finne stad på skole eller i bedrift.

Midlane kan til dømes brukast til å kompensere bedrifta eller fagpersonen som gir opplæring eller til transport av elevane til ei bedrift.

Rapportering

Det må rapporterast på bruken av midlane. Rapportskjema blir sendt ut til alle som mottar midlar i ordninga.

Søknadsfrist

18. september 2020

Søk her

Søknad om midlar til Yrkesfaglærar 2

Kontakt