Fylkeskommunale tilskot til kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi

Formål: Vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi.

Skriv ut

Kva kan du søke tilskot til?

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplaner
  • er regulert til bevaring/hensynssone i medhald av plan- og bygningslova

Kven kan søke?

Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø. Også private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søke.

Søknadsfrist

1. november

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning. Sjå lenke under

Dokumenter