Regionale tilskot til kulturminne og kulturmiljø

Denne støtteordninga har som formål å bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi.

Skriv ut

Søknadsportalen vil bli opna 20. september. De kan med fordel førebu obligatoriske søknadsvedlegg (sjå kva søknaden må innehalde lengre ned på sida).

Vi gjer oppmerksom på at søknadsportalen skil mellom støtteordningane for tilskot til kulturminne i verdsarvområdet Geirangerfjord-Herdalen og tilskot til kulturminne med regional og høg lokal verdi elles i fylket. Ver nøye med å velje rett ordning.

Kva kan du søke tilskot til?

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

Kven kan søke?

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søke.

Søknadsfrist

1. november

Korleis søker du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Detaljert tilstandsvurdering med plan for nødvendige tiltak
  • Detaljert skildring av det planlagde tiltaket
  • Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Dokumenter