Tilskot til fartøyvern

Verna og freda fartøy er spor etter vår maritime kultur og viktige representantar for historie, handverk og maritim teknologi. Dei formidlar alle sider av norsk sjøfart, fiskeri, vare- og persontransport, rekreasjon, infrastruktur, forsking, utanriksfart og handel. Tilskot til verna og freda fartøy skal derfor bidra til å ta vare på kulturminne som formidlar Noreg si utvikling som sjøfartsnasjon.

Skriv ut

Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfald av bevarte fartøy og kva rolle dei har hatt i samfunnet, før og no. For å nå dette målet skal tilskota sørge for å sikre fartøya mot tap, sette dem i stand slik at dei kan vere i bruk.

Tilskotsordninga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren, og skal sørge for at verna og freda fartøy kan settast i stand etter antikvariske retningsliner. Tilskot til fartøya er viktig for å stimulere til dei frivillige – berebjelken i fartøyvernet. I tillegg til at desse tek vare på fartøya, har dei viktig kompetanse, og legg årleg ned ein innsats i verdiskaping lokalt og regionalt. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 74.

Kva kan du søkje tilskot til?

  • Sikring
  • Istandsetting
  • Vedlikehald  

Ved fordeling av tilskot prioriterer vi følgande:

  • Prosjekt som er starta, og fartøy på slipp eller dokk
  • Fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å oppretthalde sertifikata
  • Fartøy som er freda
  • Fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats

Kven kan få tilskot?

Eigarar og forvaltarar av freda og verna fartøy kan få tilskot frå posten. Norsk Forening For Fartøyvern, eller andre organisasjonar, lag og prosjekt som opererer innafor formålet med posten, kan få tilskot til prosjektarbeid.

Søknadsfrist:

1.november

Korleis søkjer du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal. Sjå lenke til Digisak under.

Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar t.d. Edge eller Google Chrome.

Krav til søknad

For å sikre ei forutsigbar og kostnadseffektiv gjennomføring av istandsettings- og vedlikehaldstiltak, skal fartøy som har grunnlagsdokumentasjon prioriterast ved tilskot. Grunnlagsdokumentasjon inneberer:

  • Oppdatert tilstandsvurdering
  • Teknisk-historisk dokumentasjonsrapport godkjent av forvaltninga
  • Restaureringsplan godkjent av forvaltninga

Det er eit krav om grunndokumentasjon til nye istandsettingsprosjekt med tilskot frå post 74.

Følgande tiltak kan ikkje dekkast av posten:

  • Kostnader knytt til dugnad, reise og opphald
  • Utgifter til sertifisering
  • Administrative utgifter for eigare
  • Museal drift eller virke

Tiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningsliner, og i samsvar med andre retningsliner frå forvaltninga.

Søknaden må innehalde:
For at søknaden skal bli behandla må følgande informasjon vere med:

  1. Fartøyets namn, byggjeår og konstruksjon
  2. Fartøyets eigenart, historikk eller funksjon
  3. Opplysningar om fartøyet er verna, eller freda av Riksantikvaren
  4. Informasjon om tiltaket
  5. Gjennomføring av tiltaket
  6. Finansiering og budsjettering
  7. (Effekt av tiltaket)

Kontakt