Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg

Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg som er kulturminne.

Skriv ut

Formål

Tilskotet skal gå til å vurdere teknisk tilstand av kulturminne og behov for tiltak.

Aktuelle kulturminne:

  • bygg og anlegg som er listeført med nasjonal, regional eller høg lokal verneverdi i Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø
  • bygg og anlegg som er listeført med høg lokal verdi i kommunale kulturminneplaner eller som inngår i regulerte verneområde
  • nasjonale kulturminne som fell utanfor kriteria knytt til ordningane «tilskot til freda bygg og anlegg» og «tilskot til  bygningar og anlegg i verdsarvområde». 

Kva kan du søke om tilskot til?

  • fagleg/ handverksmessig vurdering av tilstand der det er behov
  • rådgiving om nødvendige tiltak
  • kostnadsoverslag
  • eventuelt vurdering av arkitektoniske løysingar

Dette kan gi eit godt grunnlag for ein eventuell søknad om tilskot til gjennomføring av fysiske tiltak seinare.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere privatpersoner, stiftingar, styre for foreining/sameige, eller liknande. Museum kan søke, dersom bygningen står på sin opphavlege plass.

Søknadsfrist

Løpande

Korleis søker du?

Send elektronisk søknadsskjema til post@mrfylke.no. Du finn skjemaet lengre nede på sida. 

Søknadssum

Det kan søkast støtte på inntil 5 000 kroner.

Svar på søknaden

Svar på søknadar blir sendt på e-post

Dokumenter

Kontakt