Verdiskapingsmidlar Kystpilgrimsleia

Har du gode idear til korleis vi saman kan utvikle pilegrimsledene i Møre og Romsdal? Vi lyser ut midlar til verdiskapingsprosjekt.

Skriv ut

Formål:

Ordninga skal

  • stimulere til lokalsamfunns- og tettstadsutvikling med utgangspunkt i kulturarv 
  • mobilisere til verdiskapingsprosjekt langs, eller i forbindelse med, pilegrimsleier i Møre og Romsdal  
  • skape heilheit i, og mellom, heilagstadar og nøkkelstadar langs pilegrimsledane 
  • styrke grunnlaget for å ta vare på og vidareutvikle fysisk og immateriell kulturarv 
  • stimulere til frivillig engasjement og utvikling av kulturarv 
  • stimulere til samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor 

Kva kan du søke tilskot til?

Prosjekt langs, eller i forbindelse med pilegrimsleiane Møre og Romsdal som 

  • stimulerer til nye idear og former for samarbeid  
  • hjelper til å ivareta og formidle fysiske kulturminne  
  • skilting og enkel skjøtsel og informasjonsmateriale  
  • hjelper til å ta vare på og formidle immateriell kulturarv  
  • utviklar nye arrangement eller opplevingar basert på pilegrimstradisjonar 

Kven kan søke?

Kommunar, museum (regionmuseum eller lokale museum), frivillige lag og organisasjonar, kyrkjelege organ og næringsaktørar.

Søknadsfrist:

01.september 2019

Korleis søker du:

Du søker via Regionalforvaltning. Søknadsfristen for 2019 har gått ut.