Verdiskapningsmidlar til den Trondhjemske postveg

Søk midlar til prosjekt langs eller knytt til Den Trondhjemske postveg

Skriv ut

Formål:  

Respektere, vidareutvikle og få fram lokalsamfunnet si unike historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg gjennom programmet ‘Ein bit av historia’.  Økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping av kulturarv langs historiske aksar i Møre og Romsdal, pilegrimsleder og Den Trondhjemske postveg.

Kva kan du søke tilskot til?

Prosjekt langs, eller knytt til Den Trondhjemske postveg i Møre og Romsdal som

  • stimulerer til nye idear og former for samarbeid
  • hjelper til å ivareta fysiske kulturminne
  • skilting og enkel skjøtsel
  • hjelper til å ta vare på og formidle immateriell kulturarv

Kven kan søke?

Kommunane Volda, Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal og/eller museum (regionmuseum eller lokale museum.) Det er ein føresetnad at søkar skal samarbeide med frivillige lag og organisasjonar om prosjektet, og at prosjektet er godt forankra både i kommunen og lokalsamfunnet

Søknadsfrist:

01.09.2019

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning. Meir informasjon om ordninga og søknaden på regionalforvaltning.no