Omstilling og nyskaping i lokalt næringsliv

Skriv ut

Formål:

Ordninga skal fremme omstilling og nyskaping i lokalt næringsliv i kommunane.

Kva kan du søke tilskot til?

Tilretteleggande tiltak, som prosessar og utprøving av nye verktøy i næringsutviklingsarbeidet.

Prosjekt som inneber samarbeid på tvers av kommunane, og prosjekt i kommunar med særlige utfordringar på grunn av tap av arbeidsplassar vil bli prioritert.

Prosjekta må kunne gi effekt på ein eller fleire av desse områda:

a) Utvikle og legge til rette for lokalt næringsliv
b) Auka sysselsetting i næringslivet
c) Auka samarbeid mellom lokale aktørar

Kven kan søke?

Kommunar, hoppid.no-kontor, næringshagar, kunnskapsparkar, inkubatorar, næringsforeiningar.

Søknadsfrist:

Løpande gjennom året

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning, sjå snarveg under.

Ordninga heiter "Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal". 

Kontakt