Støtte til forskar-mobilitet

Mobilitetsordninga skal stimulere til utveksling av fagfolk mellom næringsliv og akademia. Ordninga skal bidra til at høgskolar og universitet i Møre og Romsdal blir meir praksisnære og relevante. Ordninga skal også gi bedrifter og kommunar i regionen moglegheit til å bruke studentar og tilsette ved FoU-miljø i ein kortare periode for å utføre eit bestemt FoU-arbeid.

Skriv ut

Følgande tiltak er tilgjengelege i mobilitetsordninga i Møre og Romsdal:

For FoU-miljø

  • Gjesteforelesarar. Fagfolk frå næringslivet kan bli leigd inn for å halde gjesteforelesing. Vi kan dekke honorar, reiser og liknande på inntil 25 000 kroner.
  • II-ar stilling frå næring/kommune. Fagperson frå næringsliv eller kommune kan engasjerast i 12 månader (20 % stilling) for å drive forsking eller undervisning ved ein FoU-institusjon. Inntil 100 000 kroner i støtte.

For næringsliv og kommunar:

  • Studentmobilitet. Bachelor- og masteroppgåver utført i bedrift/kommune for å stimulere til næringsretta studentarbeid. Støtte til reise, utstyr og liknande i samband med oppgåva. Inntil 10 000 kroner i støtte pr student.
  • Forskar til låns i bedrift. Ei bedrift engasjerer ein forskar med PhD til å arbeide med forsking- og utviklingsaktivitet i bedrifta i 3 – 6 månader. Kan ikkje brukast i pågåande prosjekt som har fått støtte. Dekker 100% av personalkostnadane inntil 250 000 kroner.
  • Forskar til låns i kommune. Ein kommune engasjerer ein forskar med PhD til å arbeide med forskings- og utviklingsaktivitet i kommunen i 3 – 6 månader. Kan ikkje brukast i pågåande prosjekt som har fått støtte. Dekker inntil 100 000 kroner av personalkostnadane.

Dokumenter

Kontakt