Tilskot til forprosjekt i MobPro

 

 

Skriv ut

Formål:

Ordninga skal bidra til å auke forskingsbasert innovasjon i privat og offentleg sektor. MobPro er ein del av Forskingsrådet sitt program for forskningsbasert innovasjon i regionane (FORREGION).

Kva kan du søke tilskot til?

  • Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling kan søke om forprosjektmidlar på inntil kr. 200 000 til kjøp av tenester frå eit forskingsmiljø.
  • Forprosjektet må vere knytt til utvikling av «mogleggjerande teknologiar» eller «berekraftig og smarte løysingar», og ha eit tydelig innovasjons- og forskingsinnhold.
  • Forprosjektmidlane kan ikkje bli brukt til skriving av søknadar til andre program eller støtteordningar. Det er bedrifta som søker, ikkje FoU-institusjonen.

Sjå utlysinga hos forskingsrådet.

Kven kan søke?

Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal. Ta kontakt med ein kompetansemeklar før du søker.

Søknadsfrist:

Det er løpande søknadsfrist.

Korleis søker du:

Bruk søknadsskjemaet under.

Send søknaden på e-post til prosjektleiar Øyvind Herse. Han vurderer søknaden før den blir sendt til forskingsrådet for endeleg godkjenning. Prosessen tar vanlegvis ein månad. 

Dokumenter

Kontakt