Har du ein god kandidat til Miljøprisen? Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å invitere interesserte til å kome med forslag til prisvinnar.
Vi deler ut Miljøprisen for særleg verdfullt arbeid innanfor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.
Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Miljøprisen vert delt ut under fylkestinget i desember.
Meld inn forslag med ei kort skildring av kandidaten/kandidatane og ei grunngjeving for nominasjonen i skjemaet. Legg gjerne ved bilete av kandidaten.
2018: Sødahlhuset AS
2017: Plastfritt Giske
2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
2015: Stranda Prolog AS
2014: Naturvernforbundet
2013: Standal knuseverk AS
2012: Alv Ottar Folkestad
2011: Norsøk
2010: Olav Bye
2009: Runde miljøsenter