Årets lærling

Kvart år kårar vi årets lærling i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Prøvenemndene har forslagsrett og kan nominere kandidatar til prisen. Opplæringskontora og lærebedrifter kan også sende inn forslag på aktuelle kandidatar til prisen.

Desse kriteria blir vektlagt:

  • Ei særs dugeleg gjennomført fag-/sveineprøve der det blir lagt vekt på fagleg kunnskap og ferdigheit utanom det vanlege.
  • Positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden. Dette inneber ei heilskapleg vurdering av kandidaten som fagperson.

Kompetanse- og næringsavdelinga v/seksjon opplæring i bedrift og Yrkesopplæringsnemnda vurderer dei innkomne forslaga og kårar ein vinnar i januar.

Årets lærling får 10 000 kroner, diplom og blomster. Lærebedrifta der lærlingen har vært ansatt får også diplom og blomster.

Forslag på kandidatar sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 31. desember det året prøva er avlagt.

Fylkeskommunen tar imot forslag gjennom heile året.

 

Nominering av Årets lærling

Kontakt