Inkludering- og mangfaldsprisen 2020

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i 2020 la ned ein spesiell innsats i å fremme integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Skriv ut

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som

  • bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket
  • har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion 

Prisen

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Inkludering- og mangfaldsprisen blir delt ut av fylkestinget i juni.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet under, innan 19. mai.

Vedlagt er generelle vilkår for Inkluderings- og mangfaldsprisen. Årets utlysning er forsinket i forhold til retningslinene, og saka blir lagt fram for kultur-, næring- og folkehelseutvalet i møtet i juni.

Inkluderings- og mangfaldsprisen 2020

Dokumenter

Kontakt