Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Denne tilskotsordninga rettar seg mot lærlingar og lærekandidatar som er eller står i fare for å bli permittert, eller som står i fare for å miste læreplassen sin. Tiltaket skal bidra til at fleire får ein læreplass hausten 2020.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått 9 641 000 kr til stimuleringstilskot til lærebedrifter.

Personar innan fag- og yrkesopplæringa har opplevd utfordringar i forbindelse med utbrotet av koronaviruset. Talet på permitterte lærlingar og lærekandidatar har vore høgt, og det er ein risiko for at færre vil få læreplass hausten 2020.

Kva kan du søke tilskot til?

Lærebedrifter kan søke om tilskot til dette:

  1. Godkjente lærebedrifter som aukar inntak av lærlingar i 2020, får eit tilskot på 25.000 kroner pr. ekstra lærling. I berekninga av ekstra lærling ser vi på gjennomsnittleg tal på lærlingar i bedrifta dei to siste åra. Lærekontraktar i særleg utsatte lærefag utløyser 35.000 kroner pr lærling. Dette gjeld per no kokkfaget, servitørfaget, reiselivsfaget og resepsjonsfaget. Helsearbeider- og barne- og ungdomsarbeiderfaget er også utsette fag.
  2. Nye lærebedrifter (sjølvstendige lærebedrifter eller medlemsbedrifter i opplæringskontor) som godkjennast etter 1. september 2020, og som inngår lærekontrakt i 2020, får 25.000 kroner. I tillegg får dei 25.000 kroner pr. lærling dei tar inn i 2020. Eksisterande lærebedrifter som blir godkjent i eit nytt lærefag, reknast som ny lærebedrift i denne samanhengen.
  3. Tidlegare godkjente lærebedrifter som ikkje har hatt lærling dei siste to åra, kan søke om ny godkjenning som lærebedrift. Ved ny godkjenning og inntak av ein lærling i 2020, får bedrifta 30.000 kroner i stimuleringstilskot. I tillegg får dei 25.000 kroner for påfølgjande lærlingar.
  4. Lærebedrifter som overtek ein lærling frå ein permitteringssituasjon, eller opphøyrt virksomheit, får 10.000 kroner i stimuleringstilskot. Det må vere en førsteårs lærling, og det må gjenstå minimum seks månader av læretida.
  5. Det kan tildelast tilskot utfrå særskilte behov som kan oppstå iløpet av perioden. I slike tilfeller må seksjonsleiar i opplæring i bedrift godkjenne før det det blir utbetalt tilskot.

Kven kan søke?

Lærebedrifter kan søke om tilskotet

Søknadsfrist:

Midlane blir tildelt løpande og så langt ramma rekk.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjere skjønnsmessige vurderingar av søknadane. 
Det er mogeleg å søke om midlar på fleire punkt. Merk at lærekontrakten må vere godkjent.

Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Kontakt