Idrettsstipend 2021

Idrettsstipendet skal bidra til å inspirere unge idrettstalent, gi dei moglegheit til videre satsing og bidra til at dei når sine mål. Klubbar i fylket med god drift og høgt aktivitetsnivå kan søke om idrettsstipend – klubb. Den samla ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å gi inspirasjon og motivasjon til enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig håpar vi òg å kunne behalde dei unge utøvarane lenger i fylket. Det vil også kunne gi klubbar moglegheit til arbeid med kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr. Det delast ut tre stipend og kvart av dei er på 50 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Unge idrettsutøvar mellom 16–23 år som kan vise til gode prestasjonar innan idrett
  • Klubbar i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå

Kva kan du bruke stipendet til?

Dersom du mottek idrettsstipendet, kan du for eksempel bruke det til:

  • trenarhjelp
  • deltaking på trening/treningssamlinger
  • deltaking i konkurransar nasjonalt og internasjonalt
  • innkjøp av nytt utstyr

Klubbar kan for eksempel bruke stipendet til kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr.

Søknadsfrist

19. mai

Korleis søker du støtte?

Vi opnar for nye søknadar 19. april, i god tid før søknadsfristen 19. mai.

For Idrettsstipend til enkelutøvar kan du søke via skjema under.

Skal du søke idrettsstipend – klubb, kan du søker du støtte via Regionalforvaltning når ordninga er open. Sjå lenke nedst på sida eller følg denne lenka (lenke opnast i ny fane). Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Vilkår for stipend
Ønsker du å søke om stipend? Alle som ønsker å søke, bør lese retningslinene for stipendet nedst på sida, under «Dokumenter».

Tidlegare vinnarar

Tidlegere mottakarar av Idrettsstipend er mellom anna Ragnhild Valle Dahl (handball), Andreas Skoglund (kombinert), Emblem IL – orientering, Felix Baldauf (bryting), Emilie Øveraas (golf), Molde HK, Vestnes/Varfjell IL, Toralv Opsahi (friidrett) og Birte Franck-Petersen (friidrett).

Idrettsstipend – enkeltutøvar 2021
Ver vennleg å last opp ei stadfesting på di deltaking
Er det noko anna du vil laste opp i søknaden?
Om du er under 18 år, må du legge ved stadfesting frå føresette om at du kan søke og tildelast idrettsstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Dokumenter

Kontakt