Idrettsstipend 2022

Idrettsstipendet skal bidra til å inspirere unge idrettstalent, gi dei moglegheit til videre satsing og bidra til at dei når sine mål. Klubbar i fylket med god drift og høgt aktivitetsnivå kan søke om idrettsstipend – klubb. Den samla ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å gi inspirasjon og motivasjon til enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig håpar vi òg å kunne behalde dei unge utøvarane lenger i fylket. Det vil også kunne gi klubbar moglegheit til arbeid med kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr. Det delast ut tre stipend og kvart av dei er på 50 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Unge idrettsutøvar mellom 16–23 år som kan vise til gode prestasjonar innan idrett
  • Klubbar i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå

Kva kan du bruke stipendet til?

Dersom du mottek idrettsstipendet, kan du for eksempel bruke det til:

  • trenarhjelp
  • deltaking på trening/treningssamlinger
  • deltaking i konkurransar nasjonalt og internasjonalt
  • innkjøp av nytt utstyr

Klubbar kan for eksempel bruke stipendet til kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr.

Søknadsfrist

13. mai

Korleis søker du støtte?

Vi opnar for nye søknadar 1. april, i god tid før søknadsfristen 13. mai.

For idrettsstipend til enkelutøvar og klubb kan du søke via skjema under.

Vilkår for stipend
Ønsker du å søke om stipend? Alle som ønsker å søke, bør lese retningslinene for stipendet nedst på sida, under «Dokumenter».

ÅrMannKvinneKlubb
2021Knut Valen Håland
Diskgolf/frisbeegolf
Mari Romundset Nilsen
Taekwondo
Molde Ryttarklubb
2020Andreas Skoglund
Kombinert
Ragnhild Valle Dahl
Handball
Emblem IL - orientering
2019Gaute Skar-Hovde
Bowling
Birte Franck-Petersen
Friidrett
Idrettslaget Braatt
2018Toralv Opsal
Friidrett, mangekamp
Silje Knutsen Kippernes
Bryting
Vestnes-Varfjell IL - kampsport
2017Felix Baldauf
Bryting
Emilie Øverås
Golf
Molde HK Elite

 

 

Fyll ut skjemaet under for å søke om idrettsstipend til enkeltutøvar

 

Fyll ut skjemaet under for å søke om idrettsstipend til klubb

 

Dokumenter

Kontakt