Kunstnarstipend

Vi lysar no ut stipend til profesjonelle kunstnarar som bur og har sitt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ramma er på 1 000 000 kroner.

Skriv ut

Kunstnarstipendet har som formål å:

  • bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket
  • stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket
  • gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
  • gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt

Kven kan søke?

Profesjonelle kunstnarar som har vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra (søknadar frå kunstnarar med noko kortare bu- og arbeidstid kan likevel vurderast).

Søkjar må ha avslutta og kunne dokumentere kunstnarisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå i Noreg eller utlandet. Søkjarar som ikkje har profesjonell kunstfagleg utdanning kan får søknad vurdert dersom dei kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse (utstillingar, konsertar, utgivingar m.m.) og profesjonell verksemd som søkarar med formell kunstfagleg utdanning.

Kva kan du nytte stipendet til?

  • Arbeidsstipend skal gje kunstnarar høve til å vidareutvikle kunsten sin og ha kunstnarleg aktivitet som sitt hovudyrke.
  • Dei mindre stipenda skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda. Det kan mellom anna nyttast til kurs, reiser, fordjuping, material.

Søkar skal berre sende inn ein søknad. Alle søknadar blir vurdert til arbeidsstipend og mindre stipend.

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 15. januar, i god tid før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:
Ein kan leggje ved maks 7 vedlegg i tillegg til CV.

1. CV er obligatorisk for alle som søker stipend og skal lastast opp som pdf. Den skal innehalde:

  • relevant kunstnarisk utdanning og kurs
  • kunstnarisk verksemd og produksjon – både gjennomførte og planlagde prosjekter
  • anna relevant informasjon relatert til kunstnarlege verksemd, som tidlegare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

2. Vedlegga må vere representative for kunstnarskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av omsyn til komiteane som skal vurdere, for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenkjer. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkravd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i teksfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

6. Vedlegg som dokumenterer ditt kunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

Vilkår for stipend:
Sjå vedlagte retningsliner nedst på sida, under «Dokumenter».

Dokumenter

Kontakt