Driftstilskot – eittårig

Eittårig driftstilskot til frivillige organisasjonar og amatørkultur er først og fremst retta mot regionale organisasjonar/fylkesledd. Ramma for ordninga er 300 000 kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Regionale ledd av frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i minst 5 kommunar i fylket.

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål.

Kva kan du søke tilskot til?

Driftstilskot til organisasjonen/amatørkultur.

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 18. februar, 6 veker før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

Kontakt