Driftstilskot, eittårig – Frivillige organisasjonar og amatørkultur

Eittårig driftstilskot til frivillige organisasjonar og amatørkultur er først og fremst retta mot regionale organisasjonar/fylkesledd. Ramma for ordninga er 300 000 kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Regionale ledd av amatørkultur og frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i eit større geografisk område, ut over det lokale.

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål.

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd
  • Infrastrukturtiltak
  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement under avvikling

Sjå nærare beskriving om kven fylkeskommunen ikkje kan gi støtte til i retningslinjene nedst på sida.

Kva kan du søke tilskot til?

Driftstilskot til organisasjonen/amatørkultur.

Generelle prioriteringar for alle driftstilskot

  • Organisasjonar som bidrar til å gjennomføre regional kulturpolitikk og som treff eit større geografisk område.
  • Regionale ledd av amatørkultur og frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i eit større geografisk område, ut over det lokale.
  • Organisasjonar som arbeider for å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.
  • Aktiviteten må vere ope, tilgjengeleg for alle og treffe eit større geografisk område ut over det lokale.
  • Aktivitet på arenaer og møtestader der barn og unge kan uttrykke og utvikle seg, lære og erfare blir prioritert ved tildeling.
  • Tiltak som bruker ny teknologi og digitale medium for å nå ut med kunst og kultur til alle i Møre og Romsdal, blir prioritert ved tildeling.
  • Søkarar som har Tilgjengelighetsmerket (NKA) og kvalifiserer til tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune blir prioritert ved tildeling av tilskot.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune forutsett at søkar legg FN sine berekraftsmål til grunn.
  • Organisasjonar som mottek driftstilskot skal vere demokratisk oppbygd med eige styre og vedtekter, og alle skal kunne teikne medlemsskap.

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 18. februar, 6 veker før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.

Dokumenter