Driftstilskot, eittårig – Regionale festivalar og kulturarrangement

Eittårig driftstilskot til regionale festivalar og kulturarrangement, ofte kalla festivalstøtte, er delt mellom eittårig og treårige tildelingar.

Skriv ut

Følg denne lenka for å lese meir om Driftstilskot, treårig – Regionale festivalar og kulturarrangement.

Formål:

  • Gjere kunst og kultur av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogleg
  • Styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande og ny aktivitet
  • Stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket
  • Fremme samhandling og kompetansedeling mellom aktørar, lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Stimulere nye former for formidling
  • Utvide kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet til barn og unge

Kva kan du søke tilskot til?

  • Festivalar og andre kulturarrangement på områda kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar offentleg tilskot frå kommune, og/eller stat vil bli prioritert.

Det vert ikkje gitt tilskot til:

  • Søknader frå festivalar eller kulturarrangement som er under avvikling eller er gjennomført.
  • Søknader frå festivalar og kulturarrangement som ikkje kan dokumentere ein regional funksjon.
  • Søknader frå kunst- og kulturorganisasjonar som mottar anna driftstilskot frå fylkeskommunen.
  • Kommersielle aktørar eller arrangement som fremmer eigne medlemmer eller eigarar sine økonomiske eller yrkesmessige interesser.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for tildeling av eittårige tilskot er 1. november kvart år

Korleis søker du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under.

Vilkår for tilskot:

  • Festivalar og andre kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg, og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må ha eksistert i minimum tre år og ha styre og vedtekter.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må vise til ein kommunal deltaking på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet.

Krav til rapportering:

  • Årsrapport, revidert rekneskap med balanse og noter, revisjonsmelding og melding frå styret for året før. Desse dokumenta skal vere signerte. Dersom dokumenta blei sendt inn saman med søknaden, treng de ikkje sende inn på nytt, men det må gå fram av sluttrapporten.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. For tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor.
  • For å rapportere loggar du inn på www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane), finn søknaden som er innvilga og ber om del- og sluttutbetaling (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp eventuelle vedlegg.
  • Sluttrapporten (oppmoding om sluttutbetaling) sendast inn når festivalen/arrangementet er gjennomført, seinast 1. november i året det blir gitt tilskot.