Driftstilskot, treårig – Kulturinstitusjonar og andre allmennkulturelle organisasjonar 2022–2024

I haust opnar vi for nye søknadar om treårige driftstilskot til kulturinstitusjonar og andre allmennkulturelle organisasjonar for perioden 2022–2024. Ordninga opnar 20. september har søknadsfrist 1. november.

Skriv ut

Nye retningslinjer vart vedtatt i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i møtet 31.08.2021 i sak KNF-82/21.

Kven kan søke?

  • Kulturinstitusjonar og andre allmennkulturelle organisasjonar
  • Regionale ledd av amatørkultur og frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd
  • Infrastrukturtiltak
  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement under avvikling

Sjå nærare beskriving om kven fylkeskommunen ikkje kan gi støtte til i retningslinjene nedst på sida.

Kva kan du søke tilskot til?

Driftstilskot til kulturinstitusjonar og andre allmennkulturelle organisasjonar.

Prioriteringar for ordninga i perioden 2022–2024

  • Organisasjonar som kan vise til avtale om driftstilskot frå vertskommune på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet for perioden 2022–2024. Eventuelt dokumentert statleg tilskot for heile perioden kan delvis kompensere det kommunale tilskotet.
  • Organisasjonar som kan vise til heilårsaktivitet.
  • Organisasjonar som kan vise til stabil drift over fleire år.
  • Organisasjonar som kan vise til utviklingsprosjekt i perioden.

Generelle prioriteringar for alle driftstilskot

  • Organisasjonar som bidrar til å gjennomføre regional kulturpolitikk og som treff eit større geografisk område.
  • Regionale ledd av amatørkultur og frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i eit større geografisk område, ut over det lokale.
  • Organisasjonar som arbeider for å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.
  • Aktiviteten må vere ope, tilgjengeleg for alle og treffe eit større geografisk område ut over det lokale.
  • Aktivitet på arenaer og møtestader der barn og unge kan uttrykke og utvikle seg, lære og erfare blir prioritert ved tildeling.
  • Tiltak som bruker ny teknologi og digitale medium for å nå ut med kunst og kultur til alle i Møre og Romsdal, blir prioritert ved tildeling.
  • Søkarar som har Tilgjengelighetsmerket (NKA) og kvalifiserer til tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune blir prioritert ved tildeling av tilskot.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune forutsett at søkar legg FN sine berekraftsmål til grunn.
  • Organisasjonar som mottek driftstilskot skal vere demokratisk oppbygd med eige styre og vedtekter, og alle skal kunne teikne medlemsskap.

Søknadsfrist

1. november

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

Vi gjer likevel merksam på at tildelingane med treårig driftstilskot til historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement skal behandlast politisk. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF) vil behandle dei i sitt første møte i februar 2022. Du vil få svar på søknaden din kort tid etter dette.

Krav til rapportering

  • 75 prosent av det treårige driftstilskotet blir utbetalt ved tildeling og 25 prosent blir utbetalt etter godkjent del- og sluttrapportering (leverast som anmodninger).
  • Det skal leverast delrapportering kvart år (leverast som anmodning om delutbetaling).
  • Sluttrapportering (anmodning om sluttutbetaling) leverast berre ved siste utbetaling, i siste året i perioden det er innvilga tilskot. I denne perioden er det innan siste rapporteringsfrist, 1. juli 2024.

Dokumenter

Kontakt