Formål:
- Gjere kunst og kultur av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogleg
- Styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande og ny aktivitet
- Stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket
- Fremme samhandling og kompetansedeling mellom aktørar, lokalt, regionalt og nasjonalt
- Stimulere nye former for formidling
- Utvide kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet til barn og unge
Kva kan du søke tilskot til?
- Festivalar og andre kulturarrangement på områda kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.
- Festivalar og andre kulturarrangement som mottar offentleg tilskot frå kommune, og/eller stat vil bli prioritert.
Det vert ikkje gitt tilskot til:
- Søknader frå festivalar eller kulturarrangement som er under avvikling eller er gjennomført.
- Søknader frå festivalar og kulturarrangement som ikkje kan dokumentere ein regional funksjon.
- Søknader frå kunst- og kulturorganisasjonar som mottar anna driftstilskot frå fylkeskommunen.
- Kommersielle aktørar eller arrangement som fremmer eigne medlemmer eller eigarar sine økonomiske eller yrkesmessige interesser.
Søknadsfrist:
- Søknadsfrist for treårig tildeling for perioden 2019–2021 var 1. juni 2018. Neste tildeling vil gjelde perioden 2022–2024. Søknadsfrist er 01.11.2021.
- Søknadsfrist for tildeling av eittårige tilskot er 1. november kvart år.
Korleis søker du:
Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under.
Andre vilkår for tilskot:
- Festivalar og andre kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg, og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
- Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må ha eksistert i minimum tre år og ha styre og vedtekter.
- Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må vise til ein kommunal deltaking på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet.